Gå til sidens hovedinnhold

Lokale godbitar

Artikkelen er over 12 år gammel

Bulandet Grendalag og Værlandet Vel: er verd eit besøk sjølv for dei som ikkje har noko forhold til desse øysamfunna.

JORDA RUNDT PÅ NETTET

Kurt og Linda, som kallar seg dei mannlege og kvinnelege heimesideskrivarane, har spekka nettstaden med lokal informasjon, bilete, lyd, video og gode historier frå øyane. Den uformelle stilen sida er redigert på er stor underhaldning i seg sjølv.

Nettstaden tilbyr også eit nettkurs i Dialektoppretting, «...for at da skal bli lettare å gli inn att i miljøet når utflytta Bulenningar og Værlenningar kjem heim frå den vide verden».

Og Linda og Kurt har laga ein omfattande test av Stormhaugen velvære: «Ragnhild startar med å dandere tåneglene til Kurten, her file ho vekk dei skarpaste kantane. Heimesideskrivaren dandera sine eigne tånegle ved å bite dei av, so da er litt ujevnt her og der.»


Bilethistorier

Og bruk tid på å lese dei fantastiske og innhaldsrike historiane kring Klukke-Bu, hønsehuset til den mannlege heimesideskrivaren. Eine historia startar slik: «Alberta, hanen Shaggy og sonen deira Torunnhøna levde lykkelige dager i all fordrageligheit i Klukke-Bu, inntil katten til Bjørn og Anne-Marie oppdaga dei..»

Den mest populære bilethistoria er den om bamsen Alfred, som til dagleg held til i ein klasse på Bulandet skule, og fekk vere med Kurt ut i Nordsjøen.


Fleire lokale juvelar

Mange av bygdene i Sogn og Fjordane har eigne nettsider. Ei bra oversikt finn du under startsida.no/regionalt. Stadig fleire lager seg også nettsider eller såkalla «soner» på Origo.no.

Kommunane sine offisielle nettsider finn du ved å skrive kommunenamn.kommune.no (t.d. forde.kommune.no eller naustdal.kommune.no osv.) Hugs å endre ø til o, å til a og æ til ae.