Terningkast 4: Lett actionfest

KAPRING: Det er mogleg å kapre tanks og liknande.

KAPRING: Det er mogleg å kapre tanks og liknande.

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

PC, 360, PS3: Livet til ein leigesoldat er lett og lystig i Mercenaries 2 - World in Flames.

DEL

Mercenaries 2 er satt til Venezuela, og det er kampen om olje og makt som står i sentrum. Internasjonale selskap, fredsbevarande styrkar og lokal gerilja brakar saman i kampen om landet sine ressursar. Og som ein god leigesoldat er det berre å ta for seg av oppdrag, våpen og pengar.

Ei kan velje mellom tre ulike leigesoldatar. Dei er ganske like, men vi likte den kvinnelege hovudpersonen som er både rask på beina og fin å sjå til.

Spelet har ei slags handling der ein skal hemne seg på ein slem diktator som har skote spelet sin helt i baken, utan at det har noko stor innverknad på spelet. For det meste reiser ein rundt på øya og tek oppdrag for den som legg mest pengar på bordet.

Kven vil ein støtte?
Kring om på øya er det ulike faksjonar som har ulike mål. Fellesnemnar er at dei hatar kvarandre. Ein kan ta parti med fleire, men det kan vere lurt å halde seg til ein eller to dersom ein ikkje vil gå til krig med sine allierte heile tida.

Spelområdet er stort og variert. Vi er ikkje i stand til å vurdere den lokale geografien, men det heile ser truverdig ut. Kartet er stort utan at det vert kjedeleg og det er mykje å oppdage for den som vil leite litt. Ein treng rett nok helikopter for å henta ut dei største verdiane, men det får ein fort nok.

Fint, men...
Mercenaries 2 - World in Flames ser fint ut med masse detaljar, men manglar det lille ekstra i grafikken. Spesielt PC-versjonen framstår som litt manglande når det gjeld skarpheit. Det er ikkje noko ein tenkjer mykje over når kulene tek til å fly kring øyrene på ein. Spesielt eksplosjonane er flotte å sjå til. Vi set pris på at sjølv store bygg kan ryddast av vegen med nok våpenkraft.

Som i mange nye spel er det også mogleg å spele i lag med ein kamerat via internett. Det er sjølvsagt meir moro å vere to når ein skal sleppe seg laus mot ein slem diktator.

Konklusjon
Mercenaries 2 - World in Flames er eit overfladisk actionspel som er svært moro dei første timane. Det store opne landskapet er ein kjekk leikeplass, og spelet byr på mange spennande kampar. Men, når støvet legg seg og ein har fått sin hemn - så er det kanskje ikkje så mykje meir å hente. Men for nokre eksplosjonar.

Mercenaries 2 byr på mange spennande kampar i eit hektisk konfliktområde

Artikkeltags