Leit og finn

Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel

Veit du kva du er på jakt etter, kjem du svært langt med t.d. og .

DEL

JORDA RUNDT PÅ NETTET For å ta den største først: På verdas største søkemotor, Google, kan du finne svært mykje av det som er gjort tilgjengeleg på nettet. Men det krev at du veit sånn nokolunde kva du leitar etter. Når du skriv inn eitt eller fleire søkeord for å finne det du leitar etter, så får du fram mange fleire sider enn du treng. Då kan det vere greitt å kunne nokre knep for å avgrense talet på treff.


Søk på spesifikk nettstad

Lat oss seie du er interessert i alt som firda.no har skrive om dei glatte svingane i Halbrendslia. Om du berre skriv inn halbrendslia, så får du 4630 treff. For å avgrense skriv du site:firda.no halbrendslia, og endar med 256 treff. Då søkjer du med andre ord berre på nettstaden (site) firda.no. Tilsvarande kan du gjere med alle nettstader.


Søk på omgrep

Først som sist bør du lære deg å søke med hermeteikn. For skriv du einar førde, så finn Google først fram alle nettsider der namna einar og førde står, deretter alle nettsider med anten einar eller førde, i alt 37100. Om du derimot avgrensar søket til å berre gjelde personen Einar Førde, så må du skrive hermeteikn "einar førde" slik at Google berre søkjer på sider der dei to orda står rett etter kvarandre.


Avgrens søket

Kanskje du vil søkje etter sider der Einar Førde er omtala i samband med Høyanger. For å tvinge Google til å berre søkje på dei orda du har skrive inn, set du eit plussteikn framfor ordet og/eller omgrepet du vil ha med, t.d. slik: +"einar førde" +høyanger. Då får du 860 treff. Og vil du utelukke eit ord, kan du skrive minus framfor: +"einar førde" +høyanger -nrk.

For meir avanserte søk bør du eksperimentere med «Utvida søk», som du finn til høgre for søkeboksen.


Bla i katalogteneste

Startsida.no er på si side ei katalogteneste, der alle peikarane er sorterte i kategoriar. Her finn du dei fleste emne.


La deg overraske

Eit kjempegodt alternativ om du ikkje veit heilt kva du er på jakt etter, har eit ope sinn, og vil surfe på nettet omtrent slik du zappar mellom kanalar på TV''en, så må du prøve stumbleupon.com.

Registrer deg, last ned verktøylina, og la tenesta foreslå nettstader for deg, ut frå kva du har fortalt at du likar. Dess meir du brukar tenesta, dess meir lærer den om kva du likar. Dette blir fort ein tidstjuv!

Artikkeltags