Terningkast 4: Krevande eventyr

MAGISKE KREFTER: Zack kan bruke si magiske bjølle til å skape om dyr til hjelpemiddel.

MAGISKE KREFTER: Zack kan bruke si magiske bjølle til å skape om dyr til hjelpemiddel.

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

WII: "Zack & Wiki: Quest for Barbaros' Treasure" er eit svært gjennomtenkt eventyrspel, men kanskje for vanskeleg for målgruppa.

DEL

Med sjørøvarar, skjulte skattar og tropiske øyer er "Zack & Wiki: Quest for Barbaros' Treasure" solid planta i "Pirates of the Carribean" si verd. Men med kaninmenneske og flygande apekattar på si side er "Zack & Wiki" vel så spennande.

Spennande kontrollsystem
"Zack & Wiki" er kanskje det beste døme på kor variert eit Nintendo Wii-spel kan vere. Sjølv om spelestilen er tru mot nitti-talets "peik og klikk"-eventyrspel, er bruken av Wii-fjernkontrollen ny og frisk. Den er faktisk så godt utnytta at ein må tenkje seg om korleis enn held den og kva ein ville gjort i det verkelege liv.

Skal ein sage noko - må ein sage med fjernkontollen, skal ein opne ein paraply - då må ein skubbe den opp. Og sånn held det fram... Rett og slett genialt. Litt travelt i lengda, men aldri kjedeleg.

Fleire brett
Verre er det med sjølve banene. Spelet er delt opp i brett, og framstår dermed som meir overkomeleg enn eit heit langt eventyr, men likevel er dette eit spel som krev sitt av brukaren.

Bretta har fleire ulike dødsfeller der ein rett og slett må byrje på nytt dersom ein gjer ein liten feil. Ein kan kjøpe ekstraliv og hjelp, men det er uannsett litt uvanleg at det går ann å bli drept i denne typen spel.

Det gjer spelet meir spennande, men tek også vekk litt av lysta til å prøve nye ting, sjølv om dødsanimasjonane er artige. Her kan tenkast at ein del yngre misser motet dersom dei ikkje får hjelp.

Flott å sjå til
"Zack & Wiki" er eit svært vakkert spel. Bretta er fargerike og har ei djupne som er sjeldan sjølv i dag. Det er mogleg å vri på kamera og få betre oversikt over hindringane, og det ser aldri dårleg ut frå nokon vinkel. Spelet har også nokon av dei beste animerte karakterane på Nintendo Wii til no.

Konklusjon
Det kreative teamet bak "Zack & Wiki: Quest for Barbaros' Treasure" skal ha ros for å ha laga eit spel som er så nyskapande og samstundes så tradisjonelt. Spelet passar best for dei litt eldre ungane, ettersom det kan bli litt vanskeleg til tider. Men, med litt hjelp frå ein skarp vaksen så kan dei fleste ha glede av dette fargerike eventyrspelet.

Med litt hjelp frå ein skarp vaksen, så kan dei fleste ha glede av dette fargerike eventyrspelet.

Artikkeltags