Terningkast 5: Humoristisk krigsdrama

ACTION OG STRATEGI: Red Alert 3 er det nyaste kapitellet i den tradisjonelle Command & Conquer-serien.

ACTION OG STRATEGI: Red Alert 3 er det nyaste kapitellet i den tradisjonelle Command & Conquer-serien.

Artikkelen er over 10 år gammel

PC: Red Alert 3 syner igjen kvifor mektige mennesker ikkje bør ha tilgang til ei tidsmaskin.

DEL

Det heile byrjar med at eit par russiske leiarar bestemmer seg for å bruke ei uprøvd tidsmaskin for å forandre fortida til deira fordel. Resultatet er verdskrig, der Russland må kjempe på to kantar - på den eine sida vesten, på den andre sida, maktsjuke Kina.

Det var kanskje ikkje så lurt å tulle med tida.

God gammaldags krig
Som før skal ein styre ein liten (og så ein stor) hær, og stort sett utslette alle fiendtlege styrkar. Den største forskjellen er at ein no kan spele i lag med datamaskina eller ein kamerat, i sjølve handlingsdelen av spelet.

Dei datastyrde hjelparane kjempar sine eigne slag på den andre sida av kartet. Ein kan spør dei etter hjelp, men ein kan også risikere å sjølv måtte kome til unnsetning. Det heile fungere temmeleg bra - og gir spelet meir djupne enn t.d. C&C Tiberium Wars.

Fleire område
Det er større fokus på kampar i strandsona og på havet, sjølv om hovuddelen av kampane er på landjorda. Fornuftig bruk av dyre fly og spesielle eigenskapar og våpen, er også avgjerande for å lukkast.

Dei tre stridanen partane er for det meste bra balansert: Så anten ein likar å bruke haugevis med soldatar, store tanks eller berre satsar på store dommedagsvåpen, så har ein stort sett dei same moglegheitene anten ein er vesten, Russland eller Kina.

Spelet tek seg aldri for alvorleg. Sjølvmordsdelfinar, fallskjermbjørnar og kjempestore ninjarobotar er ikkje så vanleg i det norske militæret, men i Red Alert 3 si alternative verd, er det kvardagskost. Det er kanskje ikkje så realistisk, men så lenge som det er morosamt så skal ikkje vi klage.

Fargerik verd
Red Alert 3 er fint å sjå til og går flytande på sjølv ikkje heilt nye maskiner. Spelet kastar inn masse spennande lyseffektar og det heile utspelar seg i spennande landskap kring om på heile jordkloden. Variasjon og moro er stikkord.

Krigshissande musikk, gode lydeffektar og mange flotte dialogar (men og monologar) - gjer spelet til ein lydmessig fryd.

Konklusjon
Red Alert 3 er flott å sjå til, og har masse god action og humor. Det er heller ikkje eit minus at mellomsekvensane er krydra med kjende b-skodespelarar. Men sjølv med eit flott ytre er dette eit meir overfladisk strategispel enn dei gamle Red Alert og Command & Conquer-titlane, og langt meir tilgjengeleg for dei som ikkje likar tung strategi.

Artikkeltags