Terningkast 5: Fantasifull utfordrar

GOD FANTASI: Lost Odyssey er Xbox 360 sitt svar på Final Fantasy-serien. Med smellvakker grafikk og lang speletid er det eit spennande tilskot til RPG-stallen.

GOD FANTASI: Lost Odyssey er Xbox 360 sitt svar på Final Fantasy-serien. Med smellvakker grafikk og lang speletid er det eit spennande tilskot til RPG-stallen.

Artikkelen er over 11 år gammel

360: "Lost Odyssey" er eit imponerande eventyr utan skremmande nyvinningar.

DEL

For å gjere det heilt klart med ein gong: "Lost Odyssey" er Xbox 360 sitt svar på "Final Fantasy"-serien. Det burde vore ein uting, men spelet finn ganske snart sin eigen identitet.

Verda er som vanleg i eit RPG-spel bygd opp kring ulike kontinent med ulike folkelslag. Magi er like vanleg som teknologi og sjølv om hovudpersonane stort sett berre tek i bruk magi og handvåpen, så er det mange spennande framkomstmiddel og teknologiske dingsar som ein ikkje finn i verkelegheita.

Helten
Helten Kaim er udødeleg. Han har levd i tusen år, men har få minne om det som har skjedd i løpet av den tida.

I lag med nokre andre i same situasjon legg han ut på ei lang reise i håp om å finne seg sjølv og ta dei som står bak. På vegen er det mange små historiar som kastar lys over fortida til dei andre i reisefølgje.

Spelet kjem på 4 DVD-plater noko som kan skremme vatnet av kven som helst. Men frykt ikkje, det er ikkje naudsynt å skifte plate kvar dag. Spelet er nemleg svært langt og handlinga vert aldri for stor med mange ulike oppdrag samstundes.

Tilfeldige kampar
For dei som ikkje har prøvd japanske RPG-spel er "Lost Odyssey" ein lett inngang. Sjølv om nokon av bosskampane kan vere utfordrande er spelet i seg sjølv ganske lett og nesten fri for grinding. Ein kjem fort opp i nivå, og karakterane er like nok til at ein ikkje treng tenkje så mykje på kven ein vel å spele med.

Spelet byr dessutan på lite ekstrautstyr utanom magiske ringar som ein kan montere sjølv. Såleis treng ein ikkje lese statestikk og planlegge kommande kampar. Det er kanskje litt kjedeleg for hardcore RPG-fans, men ei glede for nykomarar som berre vil ha ei god historie og flott grafikk.

Flott å sjå til
"Lost Odyssey" er eit fantastisk skue i Full HD. Kaim, Jansen og dei andre hovudpersonane syner ein detaljrikdom av det sjeldne. Dei fargerike draktene og dei gode animasjonane set spelet over mange andre liknande spel, og det vert vanskeleg å gå attende til RPG-favorittane frå Playstation 1 og 2.

Kamerabruken er langt over gjennomsnittet både i kampane og når ein utforskar verda. Ved hjelp av den eine analoge styrepinnen er det mogleg å sjå seg kring om når ein utforskar, og ein kan også sjå nærare på bakgrunnane med ein hendig zoom-knapp.

Spelet flyttar sjangeren framover og det blir spennande å samanlikne "Lost Odyssey" med Square Enix sine komande FF-titlar på PS3.

Konklusjon
"Lost Odyssey" er eit fantastisk eventyr med grafikk utanom det vanlege. Eit solid lydspor med gode dialogar og spennande musikk er med på å skape ei heilt eineståande spelkjensle. Hovudpersonane er spennande og har gode bakgrunnshistoriar.

Kampsystemet er kanskje ein tanke kjedeleg i lengda (mest fordi dette er noko vi har prøvd før) og nokre av forteljingane i spelet er litt forutsigbare. Men, dersom ein har eit godt auge til japanske rollespel er "Lost Odyssey" vanskeleg å kome utanom. Det har alt: Berre ikkje forvent noko nytt.

Dersom ein legg Highlander-filmane og Final Fantasy-serien i ein hurtigmiksar, ville resultatet vore Lost Odyssey.

Artikkeltags