Terningkast 5: Eventyr med stor E

NYE EVENTYR: Link er på nye eventyr i The legend of Zelda - Phantom Hourglas.

NYE EVENTYR: Link er på nye eventyr i The legend of Zelda - Phantom Hourglas.

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

DS: Det finst mange Zelda-spel og handlinga er stort sett den same i alle. Likevel er Phantom Hourglas nytt og spennande.

DEL

Zelda og Link er eit av Nintendo sine mest kjende varemerke. Det er alltid spennande å prøve eit nytt Zelda-spel, sjølv om ein ofte veit kva ein har i vente.

Ein skal redde ei jente, kjempe mot ein slemming, skaffe seg sverd og skjold, pil og bue, bomber og ein del ekstra eigenskapar som ein må råde over for å kome til tidlegare låste område.

Som før
Dette er sjølvsagt med i Phantom Hourglas, og alt her er Phantom Hourglas det beste eventyrspelet til Nintendo DS.

Men det stoppar ikkje der. Spelet er utruleg kreativt, spesielt med det nye kontrollsystemet: Link går, slår med sverdet, og gjer mange spennande spesialangrep, alt utan eit einaste knappetrykk. Ein kan dessutan teikne opp skjulte skattar og viktig informasjon på kartet.

Spennande å styre Link
Det heile fungerer utrueleg bra og gjer det enno meir morosamt å utforske dei mange øyane i spelet.

Fiendane er ikkje så vanskeleg å ta, men er alle spennande og fargerike. Bosskampane er spesielt bra. DS'en nyttar den øvre skjermen til å syne kva fienden ser, og den nedre delen syner Link. Kanskje litt forvirrande, men også veldig morosamt. Det er spesielt å sjå pilene flyge mot auga på fienden.

I tillegg til å spel med Link må ein styre ein båt, halde den ved like, og leite etter - og heve - skattar frå havets botn.

Flott å sjå til
Grafikken i Phantom Hourglas er noko av det beste på DS, med fargerike landskap og spennande personar. Musikk er det ikkje så fryktelege mykje av, men dei klassiske Link lydane er på plass.

Mest imponerande er at spelet er tredimensjonalt, utan at det vert einsfarga og kjedeleg.

Konklusjon
Phantom Hourglas er meir omfattande enn tidlegare Zelda-spel på Gameboy/GBA. Det er meir tekst (engelsk) - og nokre av tankeoppgåvene kan gjere spelet vanskeleg for dei litt mindre.

Til gjengjeld er det svært lett å styre Link. Med ein vaksen ved si side og litt tolmod kan dei fleste unge ta glede i Link sitt nye eventyr.
...og det er ingen grunn til at ikkje eldre spelande skal kunne like Phantom Hourglas.

Artikkeltags