Terningkast 3: Einsformig Hellgate

ACTION: Det er ikkje action-mangel i "Hellgate: London". Sjølv om det kan bli einsformig, så er det svært artig i små dosar.

ACTION: Det er ikkje action-mangel i "Hellgate: London". Sjølv om det kan bli einsformig, så er det svært artig i små dosar.

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

PC: "Hellgate: London" er eit online-spel som ein kan spele offline. Det er også eit PC-spel som vil vere eit konsoll-spel.

DEL

I "Hellgate: London" skal ein skyte eller slå uendeleg hordar av demonar. Problemet er at det er omtrent alt spelet har å by på. Sjølv om ein kan velje mellom ulike heltar så er framgangsmåten den same. Trykk vilt på museknappane og sikt på fienden. Kjekt første timen. Etterkvart som det tek lengre tid å nå nye level på karakteren, blir det travelt og lite engasjerande.

Spelet er utvikla av delar av teamet som stod bak klassikarane Diablo og Diablo II. Begge er rekna som nokon av dei beste RPG/action-spela som nokon er laga til PC. Det synast i menyane og måten karakterane får nye eigenskapar på. Det heile minner spesielt mykje om det første Diablo-spelet, der ein berre hadde ein by og eit sett med underjordiske vegar å utforske.

London by
"Hellgate; London" er nemleg satt til London, som tittelen tyder på - samt undergrunnen og små gater knytta til den. Det er derfor det blir litt kjedeleg når ein ser same bretta over og over utan den heilt store nyskapinga.

Det einaste som varierer er oppdraga. Dei er av typen: Gå og drepe seks til tolv monster. Finn seks demonauge. Drep ein boss. Vi er ikkje kravstore, men dette har vi prøvd før.

Ikkje stabilt
Spelet er ikkje heilt stabilt, sjølv om det ikkje er det verste eksempelet vi har sett. Eit litt tilfeldig lagringssystem gjer derimot livet utrygt for dei som ikkje liker å spele brett fleire gonger - når spelet først krasjar. Det er allereie komne oppgraderingar som tek vekk eindel av desse problema, men det står litt att enno.

Lydbiletet er aldri i vegen. I mellomsekvensane er musikken og stemmene engasjerande. Dei britiske stemmene på personane ein møter kan etterkvart bli irriterande, men er ein først i London må ein tole såpass. Grafikken i sin heiltheit er derimot strålande med skarpe karakterar og stort sett velteikna fiendar.

Konklusjon
"Hellgate: London" manglar eit djupt kampsystem, men er ikkje utan sjel. Det er morosamt i små mengder, men med fleire likande spel som er morosame i store mengder er det ikkje nok.

"Hellgate: London" manglar eit djupt kampsystem, men er ikkje utan sjel.

Artikkeltags