Din eigen musikkradio

Artikkelen er over 10 år gammel

Om du har høgtalarar kopla til PC'en må du prøve .

DEL

JORDA RUNDT PÅ NETTET Der kan du søkje på ein artist du likar, t.d. Tone Damli Aaberge, og systemet spelar fortløpande både Tone og artistar som Last.fm meiner liknar på henne i musikkstil. Slik oppdagar du artistar som du ikkje visste at du likte.

Når vi skriv inn Olav Stedje, får vi opp ei rekkje med songar av sogndølen, pluss framlegg om Jahn Teigen, Jan Eggum, Alf Prøysen (!), Lillebjørn Nilsen, Hans Rotmo og Jonas Fjeld.

Og om du koplar datamaskina til stereoanlegget, så har du ein perfekt discjockey til juleselskapet. Skriv jul i søkefeltet så er du i gang.



Norsk og vestlandsmusikk

Vil du i staden høyre samanhengande sending med hitlåtar og musikk frå frå Vestlandet, kan du høyre på Firda sin eigen kanal radiovest.no.

nrk.no kan du klikke på NRK Nettradio og høyre dei kanalane du elles må ha Dab for å få inn, eller du kan lytte på heile program i arkivet. Og vil du høyre enkeltepisodar av det lokale humorprogrammet Radio Røysi er det nok å skrive røysi i søkefeltet.

Artikkeltags