Terningkast 6: Det beste sverdspelet

KAMPSPORT: Soul Calibur 4 byr på knalltøffe kampar og mange ulike kampsport-former. Det er litt å hente for alle - spesielt dersom ein har noko som helst forhold til Star Wars.

KAMPSPORT: Soul Calibur 4 byr på knalltøffe kampar og mange ulike kampsport-former. Det er litt å hente for alle - spesielt dersom ein har noko som helst forhold til Star Wars.

Artikkelen er over 10 år gammel

360/PS3: "Tekken"-serien er kanskje Namco sitt mest kjende kampsport-spel, men i rein moro er det "Soul Calibur" som gjeld.

DEL

Soul Calibur-serien har alltid vore ein verdig konkurrent innanfor kampsport-sjangeren. Det fjerde i serien skuffar då heller ikkje, og framstår som det beste på lang tid.

Variert
Det som gjer Soul Calibur 4 til ei fryd å spele er dei mange ulike karakterane og måten dei kjemper på. Av ulike stilartar kan nemnast fekting, doble dolkar, sverd og skjold, tohandssverd, stokk, piske, rokkering og lyssverd. Mangfaldet er stort og dei ulike kampformene er svært varierte.

Lag din eigen karakter
Karaktersystemet er spesielt godt utvikla - det er mogleg å lage sin eigen figur tufta i dei andre karakterane, eller lage ein heilt ny. Dette er eit morosamt system som kan ta opp mykje tid. Det er heller ikkje mangel på utstyr eller våpen. Ein kan verkeleg vere kreative. Det heile er godt presentert med lettfattelge menyar.

Kampsystemet
Det er lett å dele ut juling i Soul Calibur. Angrep kjem ovanfrå, frå sida eller i form av spark. Det er lett å kople dei saman, og sjølv heilt nybyrjarar kan få til dei mest kraftige angrepa. Vidarekomne kan ta motangrep, eller få fienden ut av balanse ved å forsvare seg i det angrepet kjem.

Spelet er delt inn i Historie eller Arcade-modus. For å skaffe pengar til å kjøpe utstyr og låse opp dei mange ekstra-karakterane må ein spele litt av begge. Dersom ein vert lei er det også mogleg å kjempe spesielle kampar med eller mot fleire motstandarar.

I den grad eit kampsort-spel kan vere stort er Soul Calibur 4 kjempestort med masse hemmelegheiter og mange ulike utfordringar.

Star Wars-faktor
Soul Calibur 4 er ikkje det første spelet i serien med gjestekarakterar, men denne gongen er det Star Wars som står i fokus. I tillegg til "The Apprentice" den nye hovudpersonen i det kommande Star Wars-spelet "Unleash the Force" er også Yoda (360) og Darth Wader (PS3) på plass. Yoda er liten og krev litt tilpassing, medan Darth Wader går rett inn i mengda.

Online
Vi set pris på at det endeleg er mogleg å spele Soul Calibur med andre over nettet. Det er kanskje ikkje den beste online-delen vi har sett i ei spel, men det er fult mogleg å spele med andre som har ei rimeleg god nettlinje. Spelet held oversikt over kor mange kampar ein har tapt eller vunne, og dersom ein har tenkt å låse opp alle hemmelegheitane kjem ein ikkje utenom.

Vakkert
Soul Calibur 4 framstår som eit svært vakkert spel i HD. Den nye høgare oppløysinga gjer karakterane meir detaljerte enn nokon gong. Med tanke på dei mange rustningane, og at det er mogleg å endre farge på kvar ein del av karakterne er dette heilt utruleg.

Soul Calibur-serien har alltid vore flott å sjå til, men PS3/Xbox 360 får det til å stråle. Lyseffektane er spesielt imponerande.

Konklusjon
Soul Calibur IV er det beste spelet i serien - utan tvil. Det er griselekkert å sjå til, har eit fantastisk persongalleri med mange kampformer. Det er både lett å spele og vanskeleg å meistre. Kampsport med våpen vert ikkje betre enn dette, verken på Xbox 360 eller PS3.

Soul Calibur IV er det beste spelet i serien - utan tvil.

Artikkeltags