Terningkast 4: Conan slår hardt

DET KALDE NORD: Conan sitt heimland er berre ein av mange område ein kan utforske i "Age of Conan".

DET KALDE NORD: Conan sitt heimland er berre ein av mange område ein kan utforske i "Age of Conan".

Av
Artikkelen er over 11 år gammel

PC: Conan si tid er komen. Med 18 års aldersgrense, blodige kampar og storslegen utsjånad tek "Age of Conan - Hyborian Adventures" opp kampen med "World of Warcraft" og andre liknande online-spel.

DEL

"Age of Conan - Hyborian Adventures" er utvikla av norske Funcom og er satt til verda Robert E. Howard skapte gjennom sine bøker om Conan. Det er eit onlinespel ikkje så ulikt Blizzard sin kjempesuksess, men på ingen måte så barnevenleg. "Age of Conan" er ei valdeleg reise inn i eit mørkt og dødeleg rike.

Flott å sjå til
Spelet tek spelaren med seg inn i det Cimmerianske høglandet, inn i hjartet av Tarantia - hovudstaden der Kong Conan sit på trona, og langt inn i Stygia der morderiske slangedyrkarar ventar med dolk i hand.

Spelverda er ikkje samanhengande som i WOW, men er delt i større og mindre område, gjerne befolka med fiendar frå t.d. nivå 1-20. Det er som det må vere i eit online-spel, der fleire hundre eller tusen skal spele samstundes.

Grafikken krev si maskin, men for dei som kan skru til er det lite som kan samanliknast. Høge fjell og låge dalar skapar ei utruleg kjensle av djupne. Andre spel verkar flate og kjedelege i forhold. Det merkar ein når ein klatrar opp på ein høg fjelltopp og ser ned.

Flotte mennesker
Menneska i spelet er svært detaljerte, men det mest imponerande er våpen og rustningar. Ein kan telje ringane i ringbrynjene, og ein kan sjå symerka i lærdraktene. Det og flotte mjuke skuggar gjer spelverda meir truverdig enn mange andre liknande online-spel.

Spelet byr på vanlege oppdrag som å drepe 6 ulvar, eller å hente noko for ein spelperson. Det er ikkje særleg nyskapande, men dei fleste oppdraga er raske å fullføre og krev sjeldan meir enn ein spelar. Det er med andre ord lett å gå opp til neste nivå. Med heile 80 nivå er det likevel mange timar speletid.

Personlege val
Sjølvsagt kan ein lage sin eigen karakter og det er mogleg å velje mellom 12 ulike klasser, fordelt utover tre ulike nasjonar. Vi kan nemne Barbarian, Priest of Mitra og Guardian. For dei som har spelt liknande spel er det ikkje så mykje nytt å ta med seg. Kvar har sine oppdrag, anten å helbrede, skade fienden mest mogleg, eller passe på at fienden ikkje går til åtak på dei svakaste i gruppa.

Kampsystemet er manuelt. Det er ikkje nok å klikke på fienden. Alle slag og magi-åtak vert utført med å trykke på 1,2,3 osv. Ein kan lage kombinasjonar og få til kraftigare slag eller betre magi, men det er ingen automatiske åtak i "Age of Conan". Dette gjer at det er meir spennande å sloss.

Og kjempe, det får ein. Blodige kampar med dødsknep - regelrette avrettingar med blod, knuste bein og mykje gauling. På såkalla PvP-serverar kan ein angripe alle dei andre spelarane når ein har lyst. Uannsett kor langt under deg dei er i nivå. Det kan vere surt å bli offer, men så søtt å overleve når ein som trur han er god vert slått ned utan nåde.

Handling
"Age of Conan" har ei rik bakgrunnshistorie og ei djup handling som går rett på spelaren. Handlinga tek til i den vesle sjørvarbyen Tortage der ein må spele fram til nivå 19-20. Denne historia held fram seinare i spelet, men er mest engasjerande i byrjinga.

Det finst fire ulike vegar, alt ettersom ein er healer, krigar, magikar eller speidar. Dette gjer det litt lettare å ta til med ein ny karakter - men det kan kanskje bli kjedeleg med berre ei startsone i lengda.

Lage ting
Blir ein lei av å kjempe kan ein lage våpen, rustningar, magiske juvelar - ja, til og med sin eigen festning (dersom ein er i eit guild). Ein kan hauste sine eigne råvarer, eller kjøpe frå andre spelarar.

Med litt tolmodigheit kan ein kome så langt at ein kan lage magiske våpen og magiske rustningar. Ein må rett noko langt opp i level før ein får lage noko som helst.

Det tekniske
Eit par månader etter at "Age of Conan - Hyborian Adventures" er det framleis nok av tekniske feil og småproblem i spelet. Ikkje så mykje at det tek vekk gleda av å spele, men nok til å irritere til tider.

Funcom skal ha ros for at dei held ein fin straum med oppdateringar kvar veke. Det har vorte mykje betre enn i dei første vekene. Vi håpar at når vi kjem litt ut på seinsommaren så vil det meste (tekniske i alle høve) vere retta på.

Konklusjon
"Age of Conan - Hyborian Adventures" har mange av dei kvalitetane som gjer eit godt online-spel. Det har såpass mange likheitstrekk med andre spel av denne typen at det er lett å lære, samstundes som det har eit par nye idear (kampsystemet, filmatiske dialogar, store kampar mellom guild, 18 års aldersgrense, tunge maskinkrav, etc.) som gjer at det kan eksistere side om side med andre online-spel.

Har du sansen for Conan, eller har gått lei av familievennlege online-spel - så er "Age of Conan - Hyborian Adventures" eit spennande alternativ. Det slit framleis med eindel tekniske feil, og framstår som litt mindre hardcore enn nokre av konkurrentane - men "Age of Conan - Hyborian Adventures" er framfor alt vilt, vakkert og vanedannande.

"Age of Conan - Hyborian Adventures" er framfor alt vilt, vakkert og vanedannande

Artikkeltags