Terningkast 5: Boogie SuperStar

FØLG MED: I dansinga skal du følgje rørslene på skjermen. På songane kjem teksten over skjermen, omtrent som i karaoke.

FØLG MED: I dansinga skal du følgje rørslene på skjermen. På songane kjem teksten over skjermen, omtrent som i karaoke. Foto:

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

Dette Wii-spelet er eit synge- og dansespel.

DEL

I starten på spelet kan du velje kor mange gonger du vil danse, og kor mange gonger du vil synge. Det er tre rundar kvar gong du spelar eit spel. Du kan velje scene, og antrekk på personen du har valt å vere. Det er mange forskjellige antrekk, men du får fleire kle etter kvart.

Dommarane er litt som dommarane i «Skal vi danse» og «Idol». Nokon veldig strenge, og nokon veldig snille. Det liknar litt på Singstar, berre at her kan du danse òg.

Det som gjer at det er kjekt, er dei kule songane, og at du kan synge og sjå om du treff tonane.

Det følgjer med ein mikrofon når du kjøper spelet.

For dei som likar å syngje er dette eit veldig bra spel, og du kan drive med det i timevis. Det er ikkje typisk jentespel, og personar i alle aldrar kan ha det kjekt ved å spele det. Låtane er kanskje ikkje sånn at foreldra mine kan dei, men for yngre personar er det kjende låtar.

Til dansinga brukar du Wii-fjernkontrollen. Det var litt vanskeleg i byrjinga, men når du får øvd litt blir det kjekt.

Det er ikkje eit spel til å gå fort lei av, men viss du spelar det i mange timar kvar dag blir det sikkert litt kjedeleg.

Når du syng første gong, har du 16 songar. Etter kvart får du fleire «pengar», og då kan du kjøpe fleire songar, fleire antrekk, og fleire dansebevegelsar.

Det er coverversjonar av 38 kjende songar. For å få terningkast 6 burde det ha vore fleire songar, og dei ekte artistane som syng.

Les meir på Wikipedia og EA.com.

Det er ikkje typisk jentespel, og personar i alle aldrar kan ha det kjekt ved å spele det.

Artikkeltags