Bli kjend med andre

Artikkelen er over 10 år gammel

Internett handlar i stor grad om kommunikasjon ved hjelp av datamaskiner. Men det kryr av nettstader som har spesialisert seg på å skape kontakt mellom menneske, såkalla sosiale medier.

DEL

JORDA RUNDT PÅ NETTET YouTube og Flickr, som er omtala på desse sidene, er også nettsamfunn der brukarar får kontakt med andre brukarar.


Facebook størst

Facebook.com har blitt det største nettsamfunnet på global basis. Der kan du finne att gamle kjenningar og halde kontakten med heile nettverket ditt via saklege og usaklege meldingar og funksjonar, og du kan delta i grupper og nettverk for alt frå «Florø nakenbading og Rusetrekker Forening» til «If 150 000 join this group I will go from Sandefjord to Førde». Denne tenesta har spesielt fenga i alderen 15-45 år.


Nettby for dei yngre

For dei yngre er det Nettby.no som lenge har vore vinnaren. Her er det også mogleg å halde kontakt med vener, og til dømes å finne kjentfolk i same kommunen.


Meiningsutveksling

I nettsamfunnet Origo.no, som blant anna firda.no er med på å tilby, er det lett å finne lokale interessegrupper med meiningsfylt innhald. Origo-universet er delt i soner, anten ut frå tema eller geografisk. Fylkessona finn du på fjordaglimt.no, og derifrå kan du navigere deg fram til ultralokale soner der du kan bli medlem, eller soner for emne som interesserer deg.


Anonyme fora

I tillegg kryr det med debattforum der det er høve til å uttale seg anonymt. Firda sitt forum.firda.no er ein trufast slitar i så måte, og der vert verdsproblem løyst, såvel som lokale utfordringar. Tilsvarande anonym debatt pregar NRK si netteneste Torget.

Artikkeltags