Terningkast 5: Barnevennleg Panda

FARGERIKT: Kung Fu Panda imponerer med flotte animasjonar og artige karakterar.

FARGERIKT: Kung Fu Panda imponerer med flotte animasjonar og artige karakterar.

Artikkelen er over 11 år gammel

360/PS3: DreamWorks sin animasjonsfilm slår like hardt på spelfronten som på kinolerretet.

DEL

Pandaen Po skal bli noko stort. Og med litt hjelp frå joypad'en kan han klare det meste.

Kung Fu Panda er tufta i filmen av same namn, og det er på mange måtar som å ta del i filmen. Fine animasjonar, spennande barnevennleg action og nokre enkle pusslespel gjer dette til det perfekte familiespelet.

Panda-action
Som Pandaen Po og dei andre vennene i frå filmen skal ein hoppe over hindringar, sloss med bossar og masse andre fiendar. Det er enkelt å gjere mange ulike triks, og sjølv om det er lite nytt å finne her i samanlikning med andre spel av denne typen, så held det ein sjarm som overgår det meste.

Bretta er alle satt til filmen si verd med orientalske byggningar og fargerike fiendar av alle storleikar, frå små gryntande ninjagriser til store og fresande bossar. Faktisk er dette eit av dei finaste filmspela vi har sett, sjølv om det er litt småfeil i grafikken frå tid til annan. Ikkje noko alvorleg, men det ser litt dumt ut når Pandaen står gjennom ei kasse.

For dei som vil sjå filmen
Handlinga vert for det meste presentert gjennom bilete og snakking. Vi ser det som ein fordel at handlinga i spelet ikkje er så framtredande som sjølve spelinga. Ein får då meir glede over filmen i ettertid.

Konklusjon
Kung Fu Panda er eit triveleg spel for dei litt yngre. Det er lett å spele for dei minste, samstundes som det ikkje er altfor enkelt for dei litt større. Det passer best for born over 7 år ettersom det krev litt prestisjon til tider.

Faktisk er dette eit av dei finaste filmspela

Artikkeltags