Terningkast 3: Action-odyssey for to

SAMARBEID: Få andre spel legg så mykje vekt på samarbeid mellom heltane som i Army of Two.

SAMARBEID: Få andre spel legg så mykje vekt på samarbeid mellom heltane som i Army of Two.

Artikkelen er over 11 år gammel

360/PS3: Army of Two er eit intenst spel for to spelarar, men er samstundes kynisk og prega av klisjar.

DEL

Army of Two er ein actionparodi som ikkje treff verken lattermusklane eller dei hundre soldatane som står i vegen for oppdraget. Som ein av to leigesoldatar skal ein ta ned flest mogleg fiendar for ikkje fedrelandet, men bankkontoen.

Det er ei form for handling, men det er ikkje så viktig. Det som er viktig er at ein er to om å overleve. Sjølv om det beste er å ta med seg ein kamerat er det mogleg å spele i lag med ein datastyrt kompis.

Fult utbytte
Spelet er smart nok til å utnytte dette til det fulle. Ein kan klatre opp på skuldrane til kameraten for å kome seg opp til høge avsatsar, ein kan avlede fienden med dekkild og snike seg rundt og ta dei med storm, eller ein kan bruke den eine som skjoldberar, medan den andre går bakom og tek ut fiendane.

Her er faktisk Army of Two ganske nyskapande og gjennomtenkt. Hadde handlinga og moralen vore like utvikla hadde det vore ein kanontittel.

Flott å sjå til - valden til trass
Det som gjer spelet meir opprivande er grafikken og lydbiletet. Spelet står side om side med dei fleste andre spel som kjem ut på Xbox 360 og PS2.

Kuler riv inn i betong, godt animerte fiendar bit i støvet og lyden av kuler slår gjennom surround-anlegget med stor iver. Vin Diesel, Van Damme og Steven Segal hadde glatt kasta inn på med popcorn og kosa seg med dette spelet.

Konklusjon
Army of Two er ikkje eit dårleg spel, og det er eit stort pluss at det er lagt ned så mykje arbeid i måten dei to spelarane kan jobbe i lag for å nedkjempe overmakta.

Sjølve handlinga er i beste fall meiningslaus, for det er kulene og dei mange skotvekslingane som driv spelet framover. Men det gjer ingenting, så lenge ein veit kan ein gjer seg i kast med.

Men eit betre mål, ein betre moral og litt meir nyskapande action hadde gjort seg.

Det er eit stort pluss at det er lagt ned så mykje arbeid i måten dei to spelarane kan jobbe i lag for å nedkjempe overmakta.

Artikkeltags