Terningkast 4: Action med Tor og Odin

DOMMEDAG: Ragnarok er ikkje langt unna i det Too Human tek til.

DOMMEDAG: Ragnarok er ikkje langt unna i det Too Human tek til.

Artikkelen er over 11 år gammel

XBOX 360: Laservåpen og nordiske gudar har lite til felles. Likevel er det nettopp dette ein finn i "Too Human".

DEL

Silicon Knights har teke tak i dei gamle gudane våre og plassert dei i ei høgteknologisk verd, der Odin er eit datanettverk, Tor er ein Cyborg og Midgardsormen er eit supervåpen. Handlinga er komplisert og det er ikkje noko ulempe å ha litt gudelære i bakhovudet dersom ein skal følgje med.

Givande action
Too Human er eit rollespel der ein kan oppgradere karakteren med nye våpen, rustningar og eigenskapar, men det er spelaren sine ferdigheiter med joypad'en som avgjer om ein lukkast. No er det ikkje mogleg å dø (ein vert henta av ein valkyrie og får nytt liv) så å kalle det krevande er vel å ta hardt i.

Spelet har ein fin balanse mellom nærkamp og intense skotduellar. Ein kan når som helst skifte mellom dei to, og det heile fungerer betre enn ein skulle tru i denne typen spel.

Det første
Too Human er det første av ein serie på tre spel. Det syner mot slutten, for det er rimeleg kort og har ein slutt som ikkje kan kallast meir enn ein prolog - ein introduksjon til dei to neste spela i serien. Vegen dit er heldigvis morosam og hektisk, samstundes som ein kan spele på ny med ein annan karakter med andre eigenskapar enn den ein har runda spelet med.

For fleire
Too Human er ikkje berre for ein person. Ein kan få med seg ein kamerat via Xbox-Live og spele gjennom historia med ulike karakterar. Det hadde vore enno meir moro med fleire enn to spelarar, men kanskje kjem det i neste del? Vi likte spesielt godt å vere leigesoldat med fokus på skytevåpen.

VI må nemne at Too Human er eit vakkert spel. Det er kanskje ikkje så detaljert som ein del andre spel, nokre av modellane er litt lite detaljerte, men verda er stemningsfull - bretta er store og har masse djupne.

Konklusjon
Det er vanskelege å plassere Too Human i ein sjanger. Det er eit solid actionspel med eit godt kontrollsystem, kanskje meir enn det er eit rollespel. Det er ikkje så langt og kunne vore litt meir krevande, men vi hadde det moro i Baldur si underlege verd. Too Human er ikkje det endelege action/rollespelet, men i påvente av "Mass Effect 2" er det eit spennande alternativ for dei med Xbox 360.

Too Human er eit solid actionspel med eit godt og litt annsleis kontrollsystem

Artikkeltags