Der er dei sendt etter at det kom meldingar om ein utagerande hotellgjest på Sogndal hotell, som skal ha slått til tilsette ved hotellet.

Meldinga kom klokka 18.04.

Då politiet meldte om valdshendinga, var gjesten rapportert å vere på utsida av hotellet.

Politiet er no på staden, men personen skal ha gått frå hotellet.

Operasjonsleiar Steinar Husvik ved operasjonssentralen fortel til Firda at politiet no leitar etter mannen.

Slo ikkje, men sparka etter tilsette

Han fortel vidare at dei første meldingane politiet fekk, var feil.

– Mannen skal ikkje ha slått til nokon, men ha sparka etter hotelltilsette. Det hender at innleiiande opplysningar vi får inn ikkje syner seg å stemme, seier Husvik.

Husvik er ikkje kjent med om vedkommande har sparka etter fleire hotelltilsette. Korleis mannen har vore utagerande utover sparkinga er heller ikkje opplyst om.

Skal vere i 30-åra

Politiet er framleis interesserte i å finne mannen, som skal vere i 30-åra, og ifølgje operasjonsleiaren har dei ei brukbar skildring å gå etter.