Forsikringsselskapet deira fekk det tøft, men Sparebanken Vest auka resultatet

AUKA I FØRSTE KVARTAL: Sparebanken Vest har i første kvartal eit resultat før skatt på 449 millionar kroner. Bildet syner administrerande direktør i Sparebanken Vest, Jan Erik Kjerpeseth.

AUKA I FØRSTE KVARTAL: Sparebanken Vest har i første kvartal eit resultat før skatt på 449 millionar kroner. Bildet syner administrerande direktør i Sparebanken Vest, Jan Erik Kjerpeseth. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

NÆRINGSLIV: Sparebanken Vest har i første kvartal eit resultat før skatt på 449 millionar kroner.

DEL

Det er opp frå 432 millionar kroner i same periode i fjor og gir ein eigenkapitalavkastning på 10,1 prosent. Det melder banken i ei pressemelding.

Resultatet er prega av auka netto renteinntekter, god kundeaktivitet, ei inntektsføring på 29 millionar kroner i nedskrivingar på tap og garantiar i kvartalet grunna betra marknadsutsikter og god porteføljekvalitet.

Store skadeutbetalingar

Frende Forsikring påverkar likevel resultatet negativt då selskapet leverer eit svakare resultatbidrag som følge av høgare skadeutbetalingar og svakare utvikling i finansmarknaden.

– Eg er nøgd med at det har vore høg og positiv aktivitet i første kvartal. Banken sin forretningsmodell med sterk lokal tilstadevering, dyktige medarbeidarar og stadig fleire enkle digitale løysingar har bidrege til at banken rundar 150 milliardar kroner i brutto utlån i første kvartal. Den samla utlånsveksten på 7,5 prosent siste 12 månader stør opp under banken sine vekstmål for inneverande år, seier konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest.

Resultata frå tilknytt selskap er svakare enn forventa med eit negativt resultatbidrag på 8 millionar kroner (28 millionar kroner) i kvartalet. Den negative utviklinga skuldast primært høgare skadeutbetalingar og svakare finansbidrag i Frende Forsikring.

Nøkkeltal Sparebanken Vest

Hovudtal første kvartal 2018 (første kvartal 2017 i parentes):

Resultat før skatt: 449 mkr (432)

Resultat/vatna ut resultat pr eigenkapitalbevis: 1,22 kr (1,26)

Rentenetto: 1,48 % (1,47)

Rein kjernekapitaldekning 15,1 % (14,8)

Kostnadsprosent: 47,5 % (44,3)

Eigenkapitalavkastning (ROE) annualisert: 10,1 % (10,6)

Spesielt årets to første månader har vore prega av høg skadefrekvens grunna ein krevjande vinter med fleire store skadar. I mars og april har situasjonen stabilisert seg, og selskapet er berre marginalt over sesongvarierte forventingar, seier Kjerpeseth. Bestandspremien i Frende Skade er fordelt på 155.000 kundar og har vakse med omkring 15 % det siste året.

Marknadsdel på 3,3 prosent

Marknadsdelen held òg fram å vekse, og var ved utgangen av 2017 på 3,3 prosent. Låge tap, auka vekst internasjonalt, framleis svak krone og aukande aktivitet på sokkelen er positivt for Vestlandøkonomien. Det stadfestar òg Vestlandindeks 1/2018, som viser auka optimisme blant Vestlandets bedriftsleiarar.

– God kvalitet i utlånsportefølja, påverka av betre makrotilhøve og god risikoseleksjon bidreg til at banken kan redusere samla tapsnedskrivingar med 29 millionar kroner i første kvartal, seier Kjerpeseth.

Søker om 585 millionar

Ei viktig oppgåve for Sparebanken Vest er å bidra til samfunns- og næringsutvikling på Vestlandet gjennom utdeling av allmennyttige midlar. I år skal banken dele ut rekordhøge 150 millionar kroner til gode føremål. Innan fristen gjekk ut i starten av april, hadde banken motteke over 2200 søknadar med ein samla søknadssum på 585 millionar kroner. Det er ein betydeleg auke i interesse sidan i fjor, og bak desse tala ligg det mykje frivilligheit og mange gode lokale initiativ, kjem det fram i pressemeldinga.

Artikkeltags