Gå til sidens hovedinnhold

Sparebanken Sogn og Fjordane slit med tekniske feil: – Ein kjem seg ikkje inn i nettbank eller mobilbank

Artikkelen er over 1 år gammel

Sparebanken Sogn og Fjordane slit med tekniske problem, og kundar kjem seg ikkje inn i nettbanken eller mobilbanken.

Klokka 11:03 tysdag melde Sparebanken Sogn og Fjordane at nettbanken og mobilbanken er ustabil.

– Vi fekk først melding om problemet 10:30. Dette er eit nettverksproblem som har ramma mesteparten av alle bankar i Norge. Både DNB og Sparebank 1 melder om same problem, seier direktør for teknologi og innovasjon, Reiel Haugland.

Veit ikkje årsaka

Kva som er årsaka til problemet er ifølge Haugland vanskeleg å seie, men det har i alle fall ført til at ein ikkje får nytta verken nettbanken eller mobilbanken.

– Skal ein gjere overføringar eller betale frå ein av dei to tenestene vil ein ikkje få gjort det. Viss du skal dra kortet ein stad vil ikkje det vere noko problem, ettersom vi har backup-løysingar som ordnar for kortbetaling. Der vil ein ikkje merke noko.

No håpar dei på at problemet blir fiksa så snart som mogleg, og det skal i alle fall ikkje stå på innsatsviljen.

– Leverandøren seier dei har sett inn alle dei har på vakt for å prøve å fikse problemet, og vanlegvis tek det ikkje meir enn ein dag før slikt er fiksa. Per no ser det ikkje ut som eit problem som kjem til å bli langvarig, men det er sjølvsagt umogleg å seie heilt sikkert.

– Slikt som skjer

Haugland fortel at tekniske feil er slikt som skjer, og at ingen system er plettfri.

– Det er beklageleg for alle som dette skapar problem for, og dei skal vite at vi gjer alt vi kan for å få nettbank og mobilbank opp å gå igjen.

Klokka 12:13 kontakta Haugland Firda og fortale at problemet er løyst.

Kommentarer til denne saken