Så kom tapet i Spania

Manager Eirik Bakke og trenar Ian McPharland måtte sjå at det vart 1-3-tap mot Tromsø i Spania torsdag ettermiddag.

Manager Eirik Bakke og trenar Ian McPharland måtte sjå at det vart 1-3-tap mot Tromsø i Spania torsdag ettermiddag. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Etter 3–1-siger i oppgjeret mot Sandefjord på måndag, så var det håp om at også Tippeligaklubben Tromsø skulle få unngjelde i treningskampen mot Tromsø i Spania i ettermiddag.

Men nyopprykka Tromsø tok raskt leiinga ved Zdenek Ondrasek, føre Sogndal-spissen Robin Shroot skapte balanse i rekneskapen til pause.

Men i 2. omgang var både Christian Landu Landu og Remi Johansen frampå kvar sin gang, og nordlendingane kunne rusle av bana med 3–1 siger over Sogndal.

Fire kampar til

No har Sogndal planlagt fire nye treningskampar føre sesongstarten i OBOS-serien, og dei skal i rad og rekke møte klubbane Molde (borte), Moss (heime), Brann (borte) og Hødd (borte). Kampen mot Molde går neste fredag, 6. mars. 

Artikkeltags