Dyrkar nye entreprenørar i sol og 17 grader

WORKSHOP: Elevane frå Hafstad skal mellom anna lære kreativitet og ideskaping i bedriftsetablering under besøket i Gironia.

WORKSHOP: Elevane frå Hafstad skal mellom anna lære kreativitet og ideskaping i bedriftsetablering under besøket i Gironia. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

SPANIA: Hafstad vgs. løftar blikket, og sender seks elevar ut i Europa for å møte større utfordringar og bygge nettverk.

DEL

– Korleis er vêret der heime? Her er det sol og 17 grader, seier Linda Skilbrei på telefon frå Barcelona. Ho går andre året på medium og kommunikasjon på Hafstad vidaregåande skule. Sist veke var ho og fem andre klassekameratar på besøk i Gironia i Spania.

– No har vi vore og sett La Sagrada Familia, den vanvitige, store katedralen. Resten av dagen blir det shopping og sightseeing, før vi drar tilbake til Gironia, seier ho.

Men det er ikkje ein vanleg ferietur dei er på. Hafstad vgs. er med på eit samarbeid med skular frå Spania, Frankrike og Sverige. Elevane skal delta på workshops, lære kreativitet og ideskaping i bedriftsetablering, og planlegge eit lengre samarbeid mellom elevane sine ungdomsbedrifter. Utvekslingsprogrammet Erasmus+ har gitt midlar til samarbeidet.

Nytt blod
LÆRERIKT: – Eg kjem heilt klart til å ta dette med meg vidare i karrieren, seier Linda Skilbrei.

LÆRERIKT: – Eg kjem heilt klart til å ta dette med meg vidare i karrieren, seier Linda Skilbrei. Foto:

Etter vidaregåande håpar Skilbrei å studere filmskaping ved Universitetet i Bergen. Ho er sikker på at erfaringane ho gjer seg denne veka vil komme til god nytte.

– Så langt har vi lært om entreprenørskap, økonomi, branding, og liknande. Det er veldig lærerikt, og heilt klart noko eg kjem til å ta med meg vidare i karrieren. Så har vi blitt kjend med dei andre elevane og lært om kulturen deira. Samarbeidet med dei fungerer heilt suverent. Vi kjem godt overeins og lærer mykje av kvarandre.

I løpet av ein toårsperiode skal elevane frå alle landa besøke kvarandre. Til våren skal dei treffast igjen, i Borås i Sverige. Neste haust skal dei møtast i Førde, og deretter går turen til Frankrike seinare i skuleåret.

– Eg gler meg veldig. Det er spennande å sjå nye kulturar, treffe folk og smake ny mat, seier Skilbrei.

– Eg synest det er kjempeflott at skulane gir såpass mange unge talent høve til å utvikle seg som entreprenørar, og ein sjanse til å vise kva ein kan, og lære nye ting. Det er bra at det blir brukt så mykje tid og pengar på at nytt blod skal komme inn i bransjen. Eg kjem heilt klart heim med mykje god erfaring.

– Betre i lag

– Medielinja har i mange år jobba internasjonalt, og har hatt andre internasjonale prosjekt tidlegare, seier prosjektleiar ved Hafstad vgs., Ole Johnny Devik.

– Vi har mange veldig flinke elevar som er vanskelege å utfordre. Difor tenker vi større, og lar dei møte større utfordringar, andre kulturar og større nettverk. Det har vist seg å vere veldig verdifullt for elevane.

FLAGG: Elevane frå dei fire landa skal besøke kvarandre i løpet av ein toårsperiode. Første tur gjekk til Spania.

FLAGG: Elevane frå dei fire landa skal besøke kvarandre i løpet av ein toårsperiode. Første tur gjekk til Spania. Foto:

Devik fortel at dette prosjektet har vorte bygd over tid. Skulen har funne folk, lærarar og skular som er gode på område som Hafstad har mindre fokus på, og bygd relasjonar med dei. Prosjektet er eit resultat av det.

– Det er alltid noko å lære av andre skular og kulturar. Elevane får mykje ekstra, samtidig som dei jobbar med konkrete oppgåver innan faget sitt. Ved å samarbeide vil dei nytte dei ulike kompetansane kvart land har, og bli betre i lag, seier han.

Artikkeltags