Smittesituasjonen i Spania gjer at nordmenn no må i karantene når dei kjem heim derifrå. Dette gjeld òg Andorra.

Det opplyser landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) på ein pressekonferanse fredag ettermiddag.

– Viss du kjem til Noreg frå Spania, etter midnatt, må du i karantene, seier ho.

Nordmenn som reiste til Spania då landet hadde grøn status, har rett til sjukepengar om det trengst i karantenetida, opplyser Bollestad.

Bakgrunnen for dette er at dei som reiste før statusoppdateringa for Spania, ikkje har brote regelverket, understrekar ho.