Ny kampanje: Dropp sosiale medium i september

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Eit britisk helseutval oppmodar til digital hygiene ved å ta fri frå sosiale medium i september.

DEL

Det er The Royal Society for Public Health (RSPH) som står bak kampanjen.

Bruk september til å utvikle eit sunnare og meir balansert forhold til sosiale medium, heiter det frå RSPH, som oppmodar folk til, om ikkje å kutte ut sosiale medium heilt, så i alle fall halde seg unna sosiale medium når dei er saman med venner og familie.

Derfor: Lytt til musikken når du er på konsert. Nyt maten når du er på restaurant. Ikkje øydelegg det ved å stresse med neste post!

Kampanjen blir støtta av helsestellet i England, som er uroleg for korleis dei sosiale media kan påverke den mentale helsa til unge menneske.

Sosiale medium blir kopla til risiko for angst og depresjon og negativt kroppsbilete, mobbing på nettet og søvnvanskar.

Artikkeltags