Sjekk ut desse populære instagram-kontoane frå fylket

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Det er ikkje mangel på unge, kreative personlegdommar i Sogn og Fjordane, og mange av dei har begynt å gjere seg synlege ute i verda. Basert på uformell scrolling har Firda Ung samla 13 av dei kulaste unge instagram-brukarane som fylket har.

============================================================

Andrea Blikås Sæle Babe frå Naustdal, legg ut idylliske bilde av dagens antrekk.

============================================================

Helene Bergsholm Skodespelar frå Førde kjend frå Få meg på for Faen!, nyt livet i hovudstaden saman med kjende ansikt.

============================================================

Linda Marie Stuhaug Bloggar om mat, helse og trening. Kjem frå Naustdal og studerer for tida samfunnsernæring i Oslo.

============================================================

Alice Kucevic Hugøy Ung framstormande songar frå Florø, poster selfiar frå utvekslingsåret i Brisbane, Australia

============================================================

Stian Hafstad Er den førdianske halvdelen av duoen Pistol Shrimps, verdskjend på YouTube for blant anna å klippe Voldemort inn i Beauty and the Beast-traileren.

============================================================

Vilde Seljeseth Aase Frå Naustdal, lever modellivet i Paris og legg ut bilde av mat, klede, solnedgangar og «monobryn».

============================================================

Lovise Asdal Driv YouTube-kanal på norsk i Førde, nærare seg 2000 subscribers.

============================================================

Peter Førde Lever skodespelardraumen i New York, og er dedikert til å halde feeden unik. Som namnet tilseier er han frå Førde.

============================================================

Marte Kittang Fotografen frå Florø tar bilde av modellane sine nærast fritt for sminke og retusjering.

============================================================

Pål Victor Ese Med god stil og stemningsfulle bilde har Førde-guten sjarmert seg fram til snart 5000 følgarar.

============================================================

Vemund Eldegard Driv sminke- og hudpleiemerket ELDE i Førde, som blant anna har blitt anbefalt av Emma Watson.

============================================================

Silje Ese Frå Balestrand, jobbar som reporter for P3. Du såg truleg videoreportasjen hennar i Facebook-feeden din, om jenta som meiner ho er ein katt.

============================================================

Ronny Brede Aase «Førde sin store son», «Legenda» og «aaah, Førde er jo staden der Ronny er frå». Du høyrer den velkjende stemma på P3 om morgonen.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken