Gå til sidens hovedinnhold

Søndag kan du vakne opp til snø

Artikkelen er over 1 år gammel

– Det er kjølig for årstida, seier meteorolog Terje Alsvik Walløe.

Dei kommande dagane er det venta maks 7 grader, og fleire vil kunne vakne opp til snø søndag morgon, fortel Alsvik Walløe.

– Ja, men det vil ikkje legge seg på bakken under 400 m.o.h. Det er ikkje snakk om mykje, men om lag 5 cm. Til lenger nord du kjem, til meir sannsynleg er det.

Dei som hadde håpt at det varme vårvêret skulle kome tilbake, må nok vente ei stund til.

– Det er ikkje venta over 10 grader så langt prognosane viser, men det er ikkje venta mykje nedbør – så det er jo ei trøyst, seier Alsvik Walløe.

Dei kalde temperaturane skuldast nordvestleg vind. Måndag er det venta periodar med sol, men det vil framleis henge igjen enkelte byer på kysten.

Les også

Møbelringen: – Vi har utruleg høg omsetning no

Les også

Sindre (36) og Øyvind (36) gjekk Jølster rundt på 17 timar: – Det høyrest kanskje rart ut, men det var som ein vanleg tur

Les også

Har du sett enorme humler i år? Eksperten har ei klar åtvaring

Kommentarer til denne saken