Gå til sidens hovedinnhold

Søndag fekk 56 svar på koronaprøva

Søndag analyserte Helse Førde 56 koronaprøver. Ingen av prøvene gav utslag på covid-19.

Det er andre dag på rad helseføretaket melder om null nye smittetilfelle.

Det er ingen pasientar som er innlagd med påvist koronasmitte, melder helseføretaket.

Helse Førde gjer oppmerksam på at dette ikkje er ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde, men resultatet frå prøvene dei sjølv analyserer.