– Eg kan ikkje seie noko om den direkte årsaka til prisauken, men vi har jo sett før, seinast rundt 15. august, at av og til er det nokre timar der Midt-Norge og Midt-Sverige koplar seg nærare dei sørnorske prisane, seier Bengt Haugnes, som er handelssjef i Sogn og Fjordane Energi.

– Når det skjer er det gjerne lite uregulerbar produksjon, det vil seie vindkraft og elvekraft, altså vasskraft som berre baserer seg på elv og ikkje har magasin, seier Haugnes.

Produserer for fullt

– Men det siste vi høyrte om kraftsituasjonen i vårt prisområde er jo at magasina er fulle og renn over?

– Dei har gjort det, i alle fall. Men dei kraftverka som har fulle magasin produserer nok alt dei har kapasitet til i heile morgon, med dei prisane som er.

– Betyr det at sjølv i vårt prisområde blir det ikkje produsert nok vasskraft frå magasin til at vi kan bruke som vi vil?

– Jau, det blir det. Men så skal ein hugse på at i slike situasjonar, så er det ein del megawatt som blir sendt sørover, og det er ein del megawatt som blir sendt til Sverige, og det påverkar situasjonen.

Godvêret merkast

– Sel de straum til Sør-Norge i morgon?

– Nei, vi sel jo all vår straum i området der den blir produsert. I den grad den straumen blir transportert til eit anna område, så er det Statnett som tener på det. Dei kjøper straumen til ein lav pris hos oss og sel den vidare til eit anna område for ein høgare pris.

Prishoppa i vårt område har m.a. med vêret å gjere, seier Haugnes:

– Det er jo ikkje mange timar vi har hatt høge prisar i vårt prisområde siste året, fordi det har vore god tilgang på uregulerbar kraft, altså vind- og elvekraft. Elvekrafta dels i form av mykje smeltevatn etter ein snørik vinter, og deretter i form av nedbør, det har jo vore ein fuktig sommar.

– Så det betyr at i lange periodar med godvêr vil vi merke det på prisnivået på straum også i vår prissone?

– Ja. Godvêret har sin pris.