Gå til sidens hovedinnhold

Sommarheit bustadmarknad kan bidra til raskare rentehopp

Artikkelen er over 1 år gammel

Ingen trur at Noregs Bank rører styringsrenta under rentemøtet onsdag, men den sterke bustadprisveksten kan bidra til at ein auke kjem raskare enn venta.

– Noregs Bank har signalisert at den første renteauken skal komme i desember 2022, men viss dei trendane vi har sett no, held fram, så trur eg han blir flytta fram, seier sjeføkonom Kari Due-Andresen i Handelsbanken Capital Markets til NTB.

Ho framhevar særleg at bustadprisane har stige markant i sommar – ein normalt roleg og svak periode i bustadmarknaden. Samtidig har forbruket til hushalda og detaljomsetninga auka kraftig, medan kjerneinflasjonen, prisveksten, er sterkare enn venta.

– Vi er framleis er i ein veldig alvorleg situasjon. Det vil òg sentralbanken understreke, men alt anna likt tilseier særleg situasjonen i bustadmarknaden raskare renteoppgang enn varsla, seier ho.

«Alle» er samde om at Noregs Bank er langt frå å ta fatt på klatringa tilbake frå dagens historiske nullrentenivå når den held rentemøte onsdag. Renteprognosen frå juni tilseier at det først kjem til å skje mot slutten av 2022 og starten av 2023.

Støtte frå DNB

Rentemøtet onsdag er eit mellommøte, der det ikkje vil komme nokon ny Pengepolitisk rapport eller bli halden pressekonferanse der renteavgjerda blir kunngjord og grunngitt. Når avgjerda blir offentleggjord torsdag formiddag, er det likevel venta ei kort skriftleg vurdering av dei økonomiske utviklingstrekka sidan sist, spesielt i lys av smittesituasjonen.

Også seniorøkonom Kyrre Aamdal legg i førehandsvurderinga si vekt på bustadmarknaden, prisveksten og etterspurnaden til hushalda.

– Samla sett trekk dette i retning av at renteaukane som Noregs Bank la inn i banen sin i juni, kan komme tidlegare ein skissert, skriv Aamdal. Han understrekar at banken truleg kjem til å sjå an utviklinga fram mot neste rentemøte, 24. september, der den kjem med ny, oppdatert rentebane.

– Skummel tid

Det var på rentemøtet i starten av mai at Noregs Bank sette styringsrenta ned til null – noko dei aldri tidlegare har gjort. Koronapandemien og dei omfattande restriksjonane til styresmaktene hadde teke eit til dels lammande grep om den norske økonomien. Prognosane var dystre, påpeika sentralbanksjef Øystein Olsen.

– No lever vi alle i ei litt skummel tid. Ein situasjon der vi alle er prega av pandemien og mykje aktivitet er stengt ned, sa han til NTB.

Den uvanleg sterke bustadprisveksten i mai, juni og juli blir i stor grad tilskrive nettopp det låge rentenivået kombinert med ein sterk og overraskande optimisme hos bustadkjøparar og -seljarar.

Nyansert bilete

Då Noregs Bank oppdaterte rentebanen i juni, vart det første rentehoppet flytta noko fram. Grunngivinga var basert på forhold som likna på dei vi har sett seinare i sommar: «Siden rentemøtet i mai har aktiviteten tatt seg raskere opp enn lagt til grunn. Arbeidsledigheten har falt mer enn ventet, og oljeprisen har økt. Aktiviteten er likevel betydelig lavere enn ved inngangen til året, og det er stor usikkerhet om den videre gjeninnhentingen i økonomien».

Framleis er biletet nyansert. Noko av auken i etterspurnaden til hushalda kan vere mellombels. Og auka smitterate her heime og i andre land skaper ny uvisse.

Sjeføkonom Kjetil Olsen i Nordea Markets meiner dei viktigaste faktorane ikkje har endra seg nok til at det kjem til å påverke synet på renta: – Viss Noregs Bank skulle lage ein ny rentebane no, trur vi dei berre ville gjort mindre endringar, skriv han førehandsanalysen sin.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken