Sommarkos på stram line

    Av
    Artikkelen er over 1 år gammel

    BREMANGER: – Ein ser på videoen at det bles ganske godt, så eg syns det var bra gjort.

    DEL

    I sommar er Espen Brynsrud med familie på hytta på Botnane i Bremanger. Sidan veret var så fint festa dei like godt ei line tvers over sundet.

    – Dette er første gongen vi har gjort det her ute. No når det er så varmt i vatnet så fristar det litt meir enn før. Då er det jo ikkje så farleg om ein dett uti.

    Eldstesonen kom seg over

    På videoen kan ein sjå at både Emrik (12), August (13) og Aslak (16) prøver seg, men til slutt er det eldstesonen Baste (17) som lukkast:

    – Han har jo hatt litt lenger tid enn dei andre til å øve seg, men det var no ei utfordring. Ein ser jo på videoen at det bles ganske godt, så det var no bra gjort syns eg.

    Brynsrud fortel at det sjølvsagt berre er for moro skuld, men han trur at dei yngre brødrene er ivrige etter å følge opp bragda til den eldste.

    – Dei andre har definitivt fått noko å måle seg etter no. Han har satt standarden for resten av sommaren.

    I følge Brynsrud var lina mellom 12 og15 meter lang.

    – Det er vel mellom 12 og 15 meter mellom berget og naustet, så det er jo eit lite stykke.

    – Berre deilig å dette ned

    Heldigvis for dei yngre er fallet ganske mildt:

    – Det er jo ikkje noko særleg høgt. Hadde det vore kaldt i sjøen, så trur eg dei hadde jobba litt hardare for å halde seg på lina, men no var det berre deilig å dette ned.

    Artikkeltags