Vesle Solund vart fylkets beste brassband

JUBLAR: Så glade blir eit korps når dei går til topps! Solund blei i helga fylkets beste brassband.

JUBLAR: Så glade blir eit korps når dei går til topps! Solund blei i helga fylkets beste brassband. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

SOLUND: Korpset frå fylkets minste kommune Solund, gjekk til topps i helga.

DEL

Korpset utfordra og vann med eit poeng over Florø Skoles Musikkorps i 1. divisjon brass.

Såre i halsen og blanke i augene,

I helga møttest korpsrørsla til dyst i Nordvesten 2018 på Sandane, og i år satsa for første gong Solund på å konkurrere i 1. divisjon brass, på eit nivå der Florø Skoles Musikkorps har vore åleine og vunne eit par tiår på rad. Solund fekk 95 poeng, medan Florø fekk 94 poeng. Høg poengsum på begge, men dommarane heldt ein knapp på Solund som det beste brassbandet i årets fylkesmeisterskap.

Dirigent for hovudkorpset er Jostein Birknes.

Såre i halsen og blanke i augene, fekk Solund-gjengen oppleve at det nyttar å kjempe seg gjennom lange øvingsøkter.

Det skriv Firdaposten

Korpset betyr mykje

– Korpset betyr mykje for Solund. Vi blei fylkesmeistrar med heile 95 poeng og i tillegg fekk vi pris for framføring av beste enkeltstykke og beste konsertprogram. Juniorkorpset vårt strålte som nokre stjerner, vann publikum og gjekk av med SPEL-UT-prisen. Her snakkar vi speleglede. Vi er umåteleg stolte av innsatsen og den harde jobben kvar enkelt musikant har lagt ned - og utvikla seg individuelt. Den gode stemninga, samarbeidet, gleda og å gjere kvarandre gode med ros og oppmuntring som de har synt, er til å ta av seg hatten for! Det er verkeleg heilt fantastisk kva de klarar saman og kor langt de er komen! melder korpsleiinga på si Facebook-side.

Feirar med kakefest

Dei takkar styret foreldra og alle som brukar tid, ressursar og pengar på korpset.

På lista over dei som fortener ekstra takk står: Jan Lohne, Thomas Frøyen, Tarjei Hummelsund, Torstein Holmås, Preben Johansen, Even Sætre, Julia Gåsvær, Fredrik Birknes og Mari Therese Martinussen.

I dag blir det kakefest og visning av konsertprogram på storskjerm på grendahuset på Hardbakke.

RESULTATLISTE KORPS

Her er resultatlista frå Nordvesten, der plassering, korps og poeng er oppført

Janitsjar 3. divisjon

1. Breim og Sandane skulekorps, dir. Elisabeth Røgeberg 86 p

Brass 3. divisjon:

Plass Korps Poeng

1. Floraskulen Brassband og Eikefjord Skulemusikk

dir.Ole Edvard Brende 90

2. Lavik Skulemusikk dir. Jason Burn 89

3. Vassenden Skulemusikk dir. Jason Burn 88

4. Byrknes Skulemusikk dir. Jostein Birknes 87

5. Slåtten Skulemusikk dir. Mari Therese Martinussen 86

Janitsjar 2. divisjon:

Plass Korps Poeng

1. Farnes skulemusikk dir. Sigyn Øren 90

2. Volda Skulekorps dir. Marianne Hafsaas 88

Brass 2. divisjon:

Plass Korps Poeng

1. Brekke Skulemusikkorps

dir. Inger marie Håheim Tynning 91

2. Kalvåg skulemusikk dir. Monica frøyen 89

Janitsjar 1. divisjon

Plass Korps Poeng

1. Førde Skulemusikkorps 92

Brass 1. divisjon:

Plass Korps Poeng

1. Solund Skulemusikk dir. Jostein Birknes 95

2. Florø Skoles Musikkorps dir. Johnny Sælemyr 94

Beste solist: Kristina Fransson trp, Førde skolemusikkorps

Beste instrumentalgruppe: Slagverk, Florø Skoles Musikkorps

Beste framføring av norsk musikkstykke: Brekke Sk.m.k, «A North norwegian Fantacy»

Beste framføring av enkeltstykke: Solund sk.m. «Dreamcatchers»

Beste konsertprogram: Solund sk.m.

Aspirant/juniorklasse spesialpriser

Lavik skulemusikk aspiranter Intonasjonsprisen

Svelgen skulemusikk aspiranter Dynamikkprisen

Solund skulemusikk aspiranter Spill ut prisen

Brekke skulemusikkorps juniorer Samspillprisen

Vassenden skulemusikk aspiranter Teknikkprisen

Artikkeltags