1200 laks rømde frå anlegg i Solund

Artikkelen er over 3 år gammel

Ei ti meter lang revne gav laks sjansen til å rømme frå Marine Harvest sitt oppdrettsanlegg i Solund.

DEL

Revna vart tetta og omfanget av rømminga var lenge uklart, men etter at det vart gjennomført oppteljing med brønnbåt viste det seg at omfanget var mindre enn frykta. Svinnet i den skadde merden var på 1200 laks, melder Fiskeridirektoratet.

Dei fekk meldinga 4 januar. Oppdrettsanlegget ligg i Brattholmen i Ytre Steinsundet i Solund, og det står oppdrettslaks på tre til 3,5 kilo i merden, melder Fiskeridirektoratet.

Artikkeltags