Til si store overrasking oppdaga Roar Moe at han sjølv var å finne på det nye designet til 500-setlane frå Norges bank.
Hav er tema for dei nye. Designen som skal pryde den nye 500-lappen syner ein dramatisk redningsaksjon til havs.
Les også vår reportasje om Moe: På denne øya har Roar levd åleine i 16 år
Inspirasjonen til motivet er henta frå ein demonstrasjon av ei redningsmanøver, der «RS Stavanger» bergar ein open fiskebåt. Båten i naud er den 130 år gamle Nordfjordseksæringen «Morilden», og til rors sit ingen andre enn Roar Moe.
– Det er skikkeleg moro, og historie bak er artig, seier Moe før han forklarer.
Redningsskøyta «RS Stavanger» var den siste av sitt slag, av dei gamle redningsskøytene utan motorkraft. På sin siste seglas frå Nordnorge til Sjøfartsmuseet på Bygdøy fekk den gamle skøyta eit siste oppdrag.
Ein siste redningsdåd
I stiv kuling utanfor Litle Ferøy var Roar Moe ute ein seksæring, slik fiskarar i fylket har vore i lange tider. Under grundig observasjon og dokumentasjon både på video og foto vart den 130 år gamle seksæringen berga trygt i land av den 20 år yngre redningsskuta.
– Det var ein redningsaksjon med tradisjonelle norske bruksbåtar, slik det var fram til ca. 1900, seier Moe.
Heilt utan dramatikk var det ikkje, verken då eller no.
– Eg var engsteleg for om dei gamle båtane ville tole påkjenninga, men det gjekk heldigvis fint, seier Moe.
På godt norsk
I tillegg til å pryde pengesetlar er redningsaksjonen å sjå i Sjøfartsmuseet sin videopresentasjon om dei gamle redningsskøytene. Dette gleder Moe,som til vanleg jobbar Moe for å formidle den gamle sjølvbergingskulturen ved kysten, og han gler seg til å dra fram 500-lappen til dei som kjem på besøk.
Umiddelbar attkjenning kan han nok ikkje vente seg.
– Det er umogleg å sjå at det er meg, men eg veit det. Eg sat ved roret i den båten. Det vert ein artig gimmick, på godt norsk rett og slett kult, seier Moe og humrar.
Nokre modifikasjonar frå det originale bildet er gjort, og fleire vil truleg komme til.
På 500-lappen er «RS Stavanger» bytta ut med eit eldre bilde av «RS Svolvær». Norges bank melder at det vil komme endringar i designen for å integrere tryggingselement i setlane.