Oljemilliardær Geir Nordahl-Pedersen har planar om å drive lakseoppdrett i Solund.

Som dagleg leiar i det nyleg oppretta selskapet Losna Seafood, har han søkt om å få omregulert eit område på Losna og eit på Averøy til industriføremål.

Det var ilaks.no som først omtalde denne saka.

Dersom det går i boks, skal han sette opp eit ope laksebasseng, i tillegg til eit 410 meter langt fjellbasseng inne i ein fjellhall på øya.

Enorme dimensjonar

Fjellbassenget vil få voldsomme dimensjonar. Etter planen skal det bli 410 meter langt, 65 meter breitt og 35 meter djupt.

Førebels er det få som har lukkast med landbaserte oppdrettsanlegg, men Nordahl-Pedersen meiner han veit korleis han skal få det til:

– Det som er problemet med landbasert er pumpekostnader. Den koden har vi knekt. Hvis du kan produsere like billeg på land som i sjø kan det bli lønsamt. Landbasert oppdrett er veldig spanande. Du har kontroll på på sjukdomar, lakselus og ein stabil temperatur, seier Nordahl-Pedersen til ilaks.no. 

Det var jaktterrenget som lokka seriegründeren frå Sotra til å kjøpe ein gard her. På vestsida av Losna er det ingen infrastruktur.

– Det er jo ingenting der, det er jo ikke mobildekning en gang, seier Geir Nordahl-Pedersen til ilaks.no.

Øydemark

“Det er ingen offentlege tilbod på Losna. Det er ein ferjekai på austsida av Losna, frå denne må ein gå til fots over øya for å kome til planområdet i vest”, heiter det i planprogrammet utarbeidet av konsulent- og arkitektselskapet Opus Bergen.

Her framgår det og at Losna Seafood ser for seg å hente sjøvatn på 75 meters dyp, som så skal reinsast ved hjelp av filter. “Vatnet frå denne djupna  vil ha redusert fare for fiskesjukdommer og parasitter som lakselus," heiter det i planprodrammet.

Nordahl-Pedersen hadde oppstartmøte om planane sine med Solund kommune og fylkeskommunen den 8. juni. Han seier at dei offentlege partane har vore medgjerlege, og kommunen har uttrykt ønske om ein slik aktivitet i Solund.

Kor mykje vil dette koste?

Hovudfokuset no er å få området omregulert, ikkje kva det kostar eller kva ein kan tene. Vi er ferdige med undersøkingar på miljø og marinbiologi. No er det reguleringsplanen som gjeld. Men etter dette må vi lage ein plan for anlegget, og då kjem det sikkert ein pris, seier han til Firda.

Nordahl-Pedersen seier han har søkt om fleire patentar, og meiner han har knekt koden med å produsere billege anlegg. Han veit ikkje kor lang tid det tar før området er blitt omregulert, men seier han er igang med detaljplanlegging av anlegget allereie.

– Vi skal vere klare til å gå i gang så snart vi får klarsignal, seier han.