Gå til sidens hovedinnhold

Solskjær til Sogndal

Noah Solskjær (20) går på lån til Sogndal.

(TIDENS KRAV): Kristiansund Ballklubb lånar ut Noah Solskjær til Sogndal. Det opplyser KBK på sine nettsider.

– Noah har trent og vore med A-laget sidan sommeren 2020. Han har vist stor progresjon og utvikling. Neste steg på vegen er no å optimalisere ytterlegare med ein så god matcharena som mulig, og det vil Noah få i Sogndal, seier KBK-trener Christian Michelsen i ei pressemelding.

Avtalen gjeld fram til sommarvindauget.

Solskjær fekk to innhopp i Eliteserien i fjor og har spelt begge treningskampane til KBK så langt i år.

Han følger dermed Serigne Mor Mbaye til Sogndal. KBKs reservekeeper signerte ein låneavtale med 1.-divisjonsklubben for ei veke sidan, etter at Kristiansund hadde henta Elias Hadaya frå Levanger.

Les også

Noah (20) er son til verdas mest berømte nordmann – no skal han spela for Sogndal: – For meg er han berre pappa

Kommentarer til denne saken