At solcellepanel løner seg på Austlandet, der sola skin heile året og straumprisane er skyhøge, det trur vi på. Men vil det løne seg med dei straumprisane vi har, og ikkje minst med det gråvêret vi har her omkring?

– Ja, seier Marius Dalin i Førde, som har hatt solceller på taket sidan juni i fjor.

– Men det er eit ja med mange atterhald. Det er mange usikre faktorar i desse reknestykka. Kva blir straumprisen? Korleis blir vêret? Kor høgt vil renta stige? Det er alt saman faktorar som påverkar reknestykket, seier Dalin.

Han er politikar i MDG og nok meir driven av idealisme enn dei fleste av oss andre, som (nesten) berre ser på lommeboka.

Lønsamt også her

Men lommeboka toler òg solcellepanel, skal vi tru Dalin:

– Dei siste 12 månadane har anlegget produsert 6363 kilowattimar. Men dette har vore ein dårleg sommar, så eg reknar med at eg i eit gjennomsnittsår vil kunne produsere 6600 kilowattimar årleg. Denne straumen er «gratis», det vil seie at eg betaler korkje straumpris eller nettleige på den. Slik det ligg an no, vil eg ha nedbetalt heile anlegget på 20 år, og etter det får eg 6600 kilowattimar gratis i året.

Dalin har sett opp eit omfattande reknestykke, der han simulerer kor lønsamt anlegget vil bli med varierande straumprisar:

– Anlegget kosta meg 140.000 kroner, ferdig installert. Så reknar eg med ei rente på tre prosent årleg, og ein årsproduksjon på 6600 kWh, og at eg sjølv nyttar 36 prosent av straumen anlegget produserer.

Nedbetalt på 20 år

Han har dessutan rekna med ein straumpris på rundt ei krone (inkludert alt, også nettleige) dei første fem åra, og så ein sakte stigande pris opp til 1,70 frå år 2043. (Sjå tabellen nedst i artikkelen).

– Reknestykket er sett opp slik: Eg har eit lån som svarar til kjøpesummen for anlegget. Kvart år brukar eg like mykje på renter og avdrag på lånet som eg sparer i straumrekning på at eg får straum frå solcelleanlegget. Altså har eg akkurat like store samla straumutgifter som eg ville hatt utan anlegget. Reknar eg slik, vil anlegget vere nedbetalt i 2043, og frå då av tener eg 5–6000 i året på å produsere min eigen straum.

Usikkert reknestykke

– Så med det vêret vi har her, tar det 20 år å nedbetale eit solcelleanlegg?

– Dersom alle mine føresetnader slår inn, ja. Men om renta stig, blir reknestykket verre. Blir straumen billegare enn eg har rekna med, blir reknestykket verre. Men blir straumen dyrare, blir det meir lønsamt, og det blir det også dersom eg klarer å bruke ein større del av solcellestraumen sjølv. Sjølv er eg ganske sikker på at straumen vil bli dyrare og dyrare, men det er jo berre synsing. Noko som og vil gjere det meir lønsamt, er om ein klarer å forskyve straumbruken slik at ein brukar meir straum når anlegget leverer mest.

– Ei privat hushaldning har kanskje ikkje så store moglegheiter til å forskyve straumforbruket sitt?

– Jau, så absolutt. Passar du på å lade bilen, varme opp varmtvasstanken, og bruke vaske- og oppvaskmaskina midt på dag, når anlegget produserer for fullt, har du flytta ganske store deler av straumforbruket ditt til den tida på dagen der straumen kjem gratis ned frå taket.

Sikring mot prissvingingar

– Men om straumen blir billegare enn dette, då?

– Då vil ein kanskje til og med tape litt på anlegget. Men: Blir straumen billeg, så vil du jo også merke det på rekninga for den straumen du kjøper, ikkje sant? Så då sparer du i den enden det du taper i den andre enden. På same viset verkar det om straumen blir veldig dyr: I så fall kan du i alle fall glede deg over at du sparer meir på å ha solcelleanlegget. Det blir som å ha eit fastrentelån: Du reduserer risikoen for svingingar. Men eg vil seie det slik: Har du dårleg råd, og du vil gamble på at straumprisen ikkje kjem over éi krone dei neste åra, så bør du ikkje installere solcelleanlegg.

Åtvaring: Herifrå og ut kjem opplysningar for spesielt interesserte:

På taket har han installert 30 solcellepanel som til saman under ideelle tilhøve kan produsere inntil 10,8 kilowatt. Frå midten av september i fjor til midten av september i år har anlegget produsert 6363 kilowattimar. 1836 av dei har han brukt sjølv, 4097 har han selt ut på nettet.

Straumen anlegget har produsert har ein samla verdi på til ein verdi av 3197 kroner. Verdien er sett slik: For straumen han har brukt sjølv, reknar ein verdien ut frå forbruket (av solstraum) i kvar enkelt månad gonger gjennomsnittspris frå Tibber i den aktuelle månaden. For straumen han har selt, er verdien det han har fått betalt frå Tibber for å levere straum inn på nettet.

I reknestykket er det og lagt inn 12.000 kroner til kjøp av ny inverter i 2035, ettersom inverterar er rekna å ha ei levetid på rundt femten år før dei må skiftast. Ein inverter ein boks som omdannar likestraum, som anlegget produserer, til vekselstraum, som er det som er vanleg å bruke i Norge.