Solberg varslar nye nasjonale koronainnstrammingar neste veke

Av
DEL

Ein bekymra statsminister Erna Solberg (H) varslar at det neste veke vil bli innført nye nasjonale koronatiltak som følgje av smitteauken i Noreg.

Talet på nye koronatilfelle har auka kraftig både i Noreg og Europa den siste tida.

– Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet har fått i oppdrag å tilrå nye tiltak slik at vi beheld kontrollen. Tiltaka vil vere målretta mot dei områda der vi no ser smitten aukar, sa Solberg under pressekonferansen på fredag.

Ho seier at helseminister Bent Høie (H) er i dialog med Oslo kommune om eigne tiltak i hovudstaden.

– Sjølv om Noreg har låge smittetal, registrerer vi at sjukehusinnleggingar har stige den siste tida. Eg er bekymra, sa Solberg.

– I helga er det viktig å avgrense kor mange vi er saman, sa ho vidare.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken