Solberg: Kan bli aktuelt å rå mot reiser til spesielt smitteutsette område i Noreg

Av
DEL

Statsminister Erna Solberg seier regjeringa er klar til å gjennomføre fleire inngripande tiltak om smitten aukar. Det kan bli aktuelt å rå mot reiser i Noreg.

Statsminister Erna Solberg er redd for at med auka smitte veit ein ikkje kvar smitten kjem frå, eller at lokale utbrot kjem ut av kontroll. Då vil styresmaktene gjennomføre meir inngripande tiltak.

– Vi er ikkje der no, men vi er førebudde på å gjere det, viss det er nødvendig, seier Solberg.

Regjeringa har konkretisert ei rekkje tiltak, både nasjonalt, regionalt og lokalt, som kan slå ned nye utbrot.

– Det kan bli aktuelt å skjerpe inn reglar på kor mange menneske som kan møtast samtidig, og det kan komme sterkare tiltak.

– Vi kan komme i ein situasjon der regjeringa rår mot reiser til spesielt smitteutsette område i Norge, og at vi må gå tilbake til digital undervisning ved høgskular og universitet, seier Solberg.

(©NPK)

Artikkeltags