Dei tre møtest på Statsministerens kontor tysdag, dagen etter at Framstegspartiet kunngjorde at partiet forlèt regjeringa, melder Aftenposten. NTB får stadfesta at dei tre partileiarane møtest tysdag.

Spekulasjonane om kven som skal inn i regjering etter Frps sorti, har starta for fullt, og fleire namn er allereie nemnde.

Det er likevel høgst uvisst om dei sju statsrådane frå Frp som no forsvinn ut, blir erstatta av sju nye. Tvert imot verkar det sannsynleg at regjeringa no vil få færre statsrådar enn tidlegare.

Sveinung Rotevatn (V), Henrik Asheim (H), Tina Bru (H), Abid Raja (V), Tore Storehaug (KrF), Ida Lindtveit Røse (KrF), Hans Olav Syversen (KrF) og tidlegare KrF-leiar Knut Arild Hareide er blant namna som har vorte nemnde i spekulasjonane.