Gå til sidens hovedinnhold

Solberg: Frå i dag kan besteforeldre og barneborn vere saman

Artikkelen er over 1 år gammel

Statsminister Erna Solberg kom med ei gladnyheit fredag: Besteforeldre kan no møte barneborna sine og reise på tur med dei.

– Det som kanskje er den viktigaste gladnyheita for mange, er at det er mogleg for besteforeldre å feriere med familien sin, sa statsministeren på pressekonferansen til regjeringa om koronasituasjonen fredag.

Rådet gjeld frå i dag, fredag 15. mai.

Dette er tilrådinga sjølv om mange besteforeldre høyrer til ei gruppe med lett forhøgd risiko ved koronasmitte, sa ho vidare.

Solberg understreka likevel at ein må vurdere individuelt, dersom ein har ein klart forhøgd risiko ved koronasmitte.

Les også

Slik blir ferien: Rår frå utanlandsreiser fram til 20. august

Les også

No fell feriedommen – tre av fem har allereie endra planane sine

Kommentarer til denne saken