Solberg: For tidleg å opne opp meir

Av

Trass i mindre smitte er det for tidleg å opne opp meir, meiner statsminister Erna Solberg (H). Meir opning skal vurderast på nytt i midten av september.

DEL

– Sjølv om smittespreiinga har gått ned, kan vi enno ikkje seie at vi har landa trygt, sa ho på koronapressekonferansen til regjeringa fredag.

Noreg har dei siste vekene hatt fleire lokale utbrot rundt om i landet, og det har vore nokre fleire sjukehusinnleggingar.

– Vi har truleg komme på litt tryggare grunn, men vi må vere sikre på at vi beheld kontrollen, sa statsministeren

– Derfor er det for tidleg å opne opp meir, sa ho vidare.

Ventar med gjenopning

Den langsiktige strategien for handteringa av covid-19-pandemien frå 7. mai blir vidareført, men regjeringa vil altså vente med å halde fram den gradvise gjenopninga av samfunnet. Dette gjeld mellom anna for reiser, arrangement, breiddeidrett og for skjenkestopp ved midnatt.

Rådet om å unngå unødvendige reiser til utlandet gjeld framleis.

– Det er framleis best å halde seg i Noreg og unngå reiser til raude land. Vi vil heller ikkje opne for inn- og utreiser frå land utanfor EU og EØS, sa Solberg.

Vente gjer òg regjeringa med å opne for arrangement med meir enn 200 personar, og å lempe på avstandskrava på kinoen eller i konferansesalen. Breiddeidretten for vaksne må òg vente litt til med å opne.

– Eg skjønar at mange er skuffa over dette, men vi gjer det for å behalde kontroll på smitten. For å ha kontroll på smitten, har vi alle ein jobb å gjere, sa Solberg.

Ny vurdering i midten av september

Ho opplyste at regjeringa i midten av september vil vurdere situasjonen og moglegheita til å halde fram den gradvise opninga.

På pressekonferansen vart det vidare klart at tilrådinga om å bruke munnbind på kollektivtrafikk der det er vanskeleg å halde ein meters avstand, blir forlengt med ei veke i Oslo.

I Indre Østfold blir tilrådinga oppheva. Årsaka er at Folkehelseinstituttet og Helsedirektoratet meiner at smittesituasjonen er tilnærma normalisert i regionen.

FHI og Helsedirektoratet har òg vurdert situasjonen i Bergen, men meiner at det ikkje er naudsynt å gi tilråding om munnbindbruk der fordi utbrotet ser ut til å vere avgrensa og smittepresset ikkje ser ut til å vere aukande i den generelle befolkninga.

(©NPK)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken