Gå til sidens hovedinnhold

Solberg: Det skal vere mogleg å dra heim til jul

Statsminister Erna Solberg (H) vil leggje vekt på at ein skal kunne reise heim til «den lille familien», og at det har høg verdi i vurderingane fram mot jul.

Solberg legg inn atterhald om at ein må sjå an smittesituasjonen.

– Vi må jo sjå an smittesituasjonen når vi nærmar oss jul om vi vil tilrå det. Men eg vil jo seie at det har ein høg verdi, seier statsministeren om å dra heim til jul og møte familien.

Dersom ein vil bruke tid med familie, er det kanskje ikkje tida for å møte alle gamle klassekameratar eller heile storfamilien når du først er på besøk, meiner statsministeren.

Regjeringa vil halde oppe smitteverntiltaka som er innførte, i minst tre veker framover. Statsminister Erna Solberg seier det er for tidleg å senke skuldrene.

– Det er for tidleg å seie om nedgangen i tala er tilstrekkeleg. Vi må sjå ein klar nedgang i tala i minst tre veker til, sa Solberg under pressekonferansen på onsdag.

– Vi har framleis for høg smitte og eit høgt nivå på smitten samanlikna med for nokre veker sidan, sa statsministeren.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken