Søker etter sakna kvinne i Sogndal

Ei kvinne i 40-åra er meldt sakna i Sogndal.

DEL

Kvinna vart meldt sakna klokka 04.10 natt til laurdag. Ho vart sist sett klokka 01.00, opplyser politiet.

– Dette er helserelatert. Men vi går ut med beskrivingar av kvinna slik at publikum kan tipse oss, seier operasjonsleiar Frode Koltveit i Vest politidistrikt til Firda.

Kvinna er truleg iført ein tynn, blå vindjakke, blå dongeribukser og grøne/turkise sko. Ho er rundt 170 cm høg, 60–70 kilo og har mørkt hår.

Politiet ønsker at innbyggjarane sjekkar garasjar, uthus og eigedom etter den sakna kvinna.

Det har gått føre seg søk gjennom natta med personell frå naudetatane. Frivillig mannskap vert no kalla ut.

Artikkeltags