– Politiet får jamt med tips frå publikum. Førebels har vi ikkje fått noko konkret vi kan jobbe vidare med, men vi set pris på at tipsa kjem inn.

Det seier politiførstebetjent Even Magnus Aspli i Vest politidistrikt, om status i leitearbeidet etter 28 år gamle Jøran Nikolai Åsnes frå Førde.

Mannen som er busett i Bergen, vart sist observert 17. februar.

Etter fleire resultatlause søk, mellom anna i Lille Lungegårdsvann, fekk politiet hjelp av Røde Kors laurdag 2. mars. Då var femti frivillige med på å leite. Heller ikkje dette søket gav resultat.

Vurderer nye søksområde

Sidan den gong har det ikkje vore gjort søk i regi av politiet, men dei sjekkar kontinuerleg ut det som kjem inn av tips.

– Denne veka vurderer vi også i samarbeid med Røde Kors om det er andre område vi skal sjå på. Dei har allereie søkt i store område, men vi ønsker sjølvsagt å søke i alle område det kan vere sannsynleg å finne noko. Vi har dialog, men har ikkje noko konkret på planen enno, seier Aspli.

Han forklarer at det er færre gjeremål no enn det var i starten då etterforskinga var i ein meir intensiv periode.

– Politiet har gjort veldig mykje, utan at det har ført oss nærare noko løysing. Men etterforskinga er framleis i ein aktiv fase.

I tillegg til å følge opp tips og vurdere nye leiteområde, held politiet framleis på med å samle dokumentasjon frå dei som har hjelpt til i søk og anna, og det er framleis meir materiale frå videoovervaking å gå gjennom.

Startar privat leiteaksjon

Torsdag 7. mars melder talsmann for familien, Per Martin Øfsti, at det vil bli gjennomført ein privat leiteaksjon i området Store Lungegårdsvann.

Denne leiteaksjonen vil bli koordinert og leia av Norges letegruppe etter savnede personer.

I samband med leiteaksjonen spør dei om assistanse i form av hjelp til strandsøk, bistand til leiteaksjonen og andre oppgåver.

Politiførstebetjent Aspli fortel til Firda at Røde Kors har søkt nøye, og at det i enkelte område i sentrum har det vore gjort finsøk.

Han understrekar at ein derimot aldri kan vere hundre prosent sikre.

– På generelt grunnlag skader det ikkje å leite, og det øydelegg ikkje noko for vår etterforsking, seier Aspli.

Leiteaksjonen vil gå føre seg laurdag og søndag denne helga. Frivillige blir bedne om å møte opp ved ADO-arena ved Store Lungegårdsvann klokka 10 både laurdag og søndag.

Dei som deltar vil gå to og to saman. Det skal gjennomførast strandsøk i heile Bergen sentrum – frå Store Lungegårdsvann og ut heile Puddefjorden.