– Det er ikkje gjort funn i natt, opplyser brannsjef Øyvind Helle i Fjaler til Firdas journalist i Dale, klokka åtte fredag morgon.

Seint torsdag kveld bestemte redningsleiinga seg for å avslutte redningsaksjonen.

Søket etter mannen som fall over bord frå ein fritidsbåt kring klokka 12 torsdag, held fram, men politiet reknar med at mannen er omkomen.

Søkjer på overflata

 

Det er frivillige som har leita i natt, frå fire fritidsbåtar.

Også personar på vasskuter har vore med på leitinga. Dei avslutta kring klokka to natt til fredag.

Det vert også leita frå land.

– Vi har søkt systematisk og har teke kontrollrundar på det som har kome til overflata, seier brannsjef Helle til Firda.

Redningsdykkarane som kom til Dale i går, er ikkje lenger med i søket.

Skal leite vidare i dag

Det er no lokalt politi og brannvesen som har overteke leiinga av søket, etter at Hovudredningssentralen for Sør-Norge avslutta redningsaksjonen torsdag kveld.

Redningsleiinga har base ved den nye moloen rett vest for Dale sentrum. Basen ligg like ved Øyna, i området der vitne såg mannen fall over bord torsdag.

Tidleg fredag morgon var det roleg på fjorden. Firdas journalist fortel at han såg to båtar som framleis leitte. Dei som har leitt heile natta, venta på avløysing og mannskapsbyte.

Det er fine vêrforhold og ingen vind på Dalsfjorden fredag føremiddag.