– Det kan bli godvêr i vekevis

Meteorologen lovar skiftande skydekke og pent vêr i morgon.

Meteorologen lovar skiftande skydekke og pent vêr i morgon. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FYLKET: Eit høgtrykk frå Sibir legg seg til ro over Skandinavia og gjev sol og kulde i lange tider.

DEL

Den uvanleg milde vinteren med regn og varmegrader tek slutt for ei stund, og vi går inn i ein periode med sol og kuldegrader.

– Sogn og Fjordane får veldig bra vêr komande veke, og kanskje neste veke òg, seier statsmeteorolog Haldis Berge.

Eit høgtrykk som er på veg sørover frå Sibir, er forklåringa på at vi no får mange dagar med klårvêr med sol og kuldegrader.

– Høgtrykket vil dekke heile Skandinavia frå måndag, men i kveld og i natt kan det kome inn nokre høge skyer som det kan drysse litt frå.

Med høgtrykk over Skandinavia, og frontar og lågtrykk i vest, kjem vinden frå aust til søraustleg kant, og i utsette fjordstrøk og i fjellet kjem vinden opp i kuling styrke.

Men frå onsdag ventar Berge at vinden roar seg litt, sjølv om den framleis vert austleg og med det vil kunne merkast godt til dømes i Sognefjorden og andre utsette stadar.

Sidan det er skya på austsida av Langfjella, er det utrygt for at det kan trekke skyer over til vestsida av langfjella først i perioden.

Frå onsdag ventar Berge kuldegrader over heile fylket sjølv på dagtid, med atterhald om områda ytst på kysten der temperaturen kan bli kring null grader.

– Det vert neppe nedbør, men dersom lågtrykket som no ligg ved Island pressar hardt på, kan det kome inn skyer som gjer at utstrålinga minkar og temperaturen stig, seier Berge.

Berge er sikker på at det vert godt vêr fram til neste helg, og ser ikkje bort frå at vi får sol, kulde og godt vintervêr lenger enn det.

– Prognosane kan tyde på at høgtrykket kan halde stand lenger enn til neste helg, men så langt fram er det usikkert om lågtrykka kjem inn med skyer og nedbør, eller om høgtrykket vert liggande i ro i vekevis, avsluttar Berge

Artikkeltags