Slått ned utanfor restaurant i Sogndal

Ein mann i Sogndal blei slått gjentatte gongar i ansiktet av ein ukjent person. Politiet har oppretta sak.

DEL

– Ein mann opplevde å bli slått to til fire gongar i ansiktet av ein ukjent person i Sogndal. Dette skjedde halv tolv natt til fredag, seier Knut Dal Mikkelsen ved politiets operasjonssentral.

Hendinga skjedde utanfor Pizzabakeren i Sogndal. Gjerningsmannen drog frå staden etter hendinga. Ifølge politiet skal mannen ha vore etnisk norsk, høg og blond.

Artikkeltags