Kritisk skadd av snøras – i betring

Artikkelen er over 3 år gammel

SOGNDAL: Det går rette vegen for mannen som vart kritisk skadd i snøskredulykka i Sogndal.

DEL

Det var 27. februar at mannen vart teken av eit snøskred i Sogndalsdalen. Han vart funnen i skredet klokka 22.15, og blei først frakta med helikopter til Førde sentralsjukehus. Seinare på kvelden vart han flytta til Haukeland, og dagen etter melde sjukehuset at han var kritisk skadd.

– Han er no flytta tilbake til Førde sentralsjukehus, og legen opplyser at det går rette vegen, seier kommunikasjonssjef i Helse Førde, Terje Ulvedal.

Han opplyser også at han er innlagt på rehabilitering, men utover det kan han ikkje kommentere situasjonen for den skadde.

Artikkeltags