Rekordpåmelding til fjellsportfestivalen

Den beste snøvinteren på fleire år er truleg sterkt medverkande til at rekordmange har meldt seg på årets Fjellsportfestival i Sogndal.

Den beste snøvinteren på fleire år er truleg sterkt medverkande til at rekordmange har meldt seg på årets Fjellsportfestival i Sogndal. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

SOGNDAL: Fjellsportfestivalen i Sogndal startar onsdag, og aldri tidlegare har det vore selt så mange festivalpass.

DEL

Festivalen har tidlegare samla nær 1500 deltakarar frå heile landet, men i år er det venta at fleire tek turen til Sogndal skisenter, heiter det i ei pressemelding frå arrangøren.

Uvanleg mykje snø i fjellet, gjer at tilhøva ligg godt til rettes for at årets festival skal bli ein suksess dersom vêrgudane òg er på arrangørens side.

– Det er verkeleg flotte forhold i fjella no. Det er opp til to og ein halv meter snø kring Sogndal Skisenter. Snøen kom tidleg, alt i november opna skisenteret, og det har vore full aktivitet over alt sidan den tid. Snøen har komme jamt fordelt i passelege snøfall. Noko som har trekt mykje folk, det er mange som har hatt fokus på Sogndals-regionen i vinter, hevdar festivalsjef Ragnhild Fagerslett ifølge pressemeldinga.

Fjellsportfestivalen er ikkje berre ein plass for dei skifrelste. Det er også ein arena for kunnskap og læring.

– Det har alltid vore viktig for oss å fordele kunnskap om trygg ferdsel og spesielt skred, i vinterfjellet. Det er mange som nyttar Fjellsportfestivalen som ein start og grobotn. Der ein er med sertifiserte tinderettleiarar på tur. Ein blir sjølvsagt betre kjent i området, men ein får også kunnskap om det og ferdast i vinterfjellet, avsluttar Fagerslett.

Artikkeltags