Lerum sitt «Heimefrå» er laga av plommer frå Spania

POLSK: Kirsebæra i kirsebærsylta til Lerum er ikkje frå Sogn, men frå polen.

POLSK: Kirsebæra i kirsebærsylta til Lerum er ikkje frå Sogn, men frå polen. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Lerum seier heimefrå viser til kvar oppskrifta kjem frå. Ikkje kvar frukta er dyrka.

DEL

Lerum har hovudkontor i saftbygda Sogndal og er kjent for å kombinere norske tradisjonar med frukt og bær. Då Matkontrollen i TV 2 undersøkte kvar råvarene i syltetøyet «Heimefrå» kom frå, viste det seg at dei var langt frå heimefrå. Det meste av råvarene var nemleg frå Spania. Det var også råvarer frå Sverige Romania og Polen.

– «Heimefrå» er ikkje basert på kvar råvarene kjem frå, men på at vi lagar ein syltetøyserie med utgangspunkt i handverket som vi har lært av mine oldeforeldre, slik dei gjorde det på garden Sørheim i Sogn, seier administrerande direktør Trine Lerum Hjellhaug Lerum til TV2.

Berre to er norske

I syltetøy-serien er det berre jordbæra og bringebæra som er norske, og berre bringebæra er frå Sogn.

– Det er dessverre avgrensa kva vi får tak i av norske råvarer som er tilarbeida slik vi treng for å kunne lage syltetøy. Vi skulle ønske at heile vårt frukt- og bærbehov kunne dekkast i Norge, men det er dessverre ikkje mogleg. Derfor må vi ut av landet for å finne råvarene vi vil ha, men dei er nøye utvalde, og det er topp kvalitet. Det er det aller viktigaste. Smaken skal vere «heimefrå», seier Trine Lerum Hjellhaug.

– Det er ikkje greitt

Gunstein Instefjord i Forbrukarrådet seier til TV-kanalen at han meiner at namnet «Heimefrå» kan få forbrukarane til å tru at råvarene kjem frå Sogn. Han syns derfor at merkinga på bringebærsylta er god fordi bringebæra faktisk er frå Sogn.

– Det er ikkje greitt når konkurrentane seier at syltetøyet deira er «heimelaga», men det er vanskeleg å nekte Lerum. Her bør Mattilsynet bli strengare. Vi har altfor mange omgrep som ikkje gir meining når du går og handlar i butikken, seier Instefjord til Matkontrollen.

Her kjem råvarene frå:

Kirsebæra og solbæra er frå Polen.

Nypene er frå Romania.

Moltene er frå Sverige.

Appelsinane, aprikosane, ferskenane og plommene er frå Spania.

Artikkeltags