Tone Damli var nervøs for å framføre andre sine låtar

PÅ TV: Tone Damli er aktuell i den nye sesongen av fjernsynsprogrammet «Hver gang vi møtes» som skal visast på TV2.

PÅ TV: Tone Damli er aktuell i den nye sesongen av fjernsynsprogrammet «Hver gang vi møtes» som skal visast på TV2. Foto:

Tone Damli er med i årets sesong av «Hver gang vi møtes». – Det var ei heftig oppleving for kroppen. Lange dagar med nervar, lite søvn og at ein gjerne pratar om litt tøffe ting gjer til at ein kjenner seg heilt utmatta etterpå.

DEL

Laurdag begynner programmet å rulle på fjernsynsskjermane for sjuande gong. Damli var ikkje vanskeleg å be då ho fekk spørsmål om ho ville stille opp.

– Eg har sett fleire sesongar av programmet og synest at det er eit av dei finaste i sin sjanger. Programskaparane er ute etter å vise fram artistane på ein heilt anna og sårbar måte, og så synest eg sjølvsagt det er kjempespennande å tolke andre store artistar sine låtar, seier Tone Damli.

Ho legg likevel ikkje skjul på at ho var veldig nervøs i forkant av innspelinga.

– Ein skal gjere andre artistar sitt materiale rett framfor dei, det kan jo slå begge vegar. Men eg merka fort at andre var like nervøse som meg, og då blei omgjevnadene litt tryggare enn eg hadde frykta, seier artisten.

Heftig oppleving

Samhaldet blant dei utvalde artistane var godt. Sjølv om arbeidsdagen kunne halde fram til midnatt vart det ofte prating lengre ut i dei seine nattetimar.

DELTAKARANE: Frå venstre Tor Endresen, Hans Petter Aaserud, Claudia Scott, Chrisel Alsos, Silya Nymoen, Tone Damli og Tshawe Baqwa.

DELTAKARANE: Frå venstre Tor Endresen, Hans Petter Aaserud, Claudia Scott, Chrisel Alsos, Silya Nymoen, Tone Damli og Tshawe Baqwa. Foto:

– Vi blei oppriktig glade i kvarandre. Når vi var ferdige med sending hende det at vi ikkje hadde lyst å avbryte praten, då gjekk vi ut i eit lysthus som heitte «Orangeriet». Her tente vi stearinlys, prata og slappa av. Det er nokon av dei beste minna frå heile opphaldet, seier Damli.

Innspelinga varte i ellve hektiske dagar, og det tok på.

– Det var ei heftig oppleving for kroppen. Lange dagar med nervar, lite søvn og at ein gjerne pratar om litt tøffe ting gjer til at ein kjenner seg heilt utmatta etterpå.

Vil spele meir for folk i 2018

Kva håpar du deltakinga di i programmet kan føre til?

Ein har jo sett før at programmet har hatt god effekt for mange artistar. Mitt mål for 2018 er å vere meir på vegen og spele for fleire menneske, då kan det jo vere nyttig for meg at dei kjenner att ansiktet mitt frå skjermen, og kanskje har fått ei anna oppfatning av meg enn dei hadde frå før, seier Damli.

INNSPELING: Tone Damli på scena under innspelinga.

INNSPELING: Tone Damli på scena under innspelinga. Foto:

Ho skildrar artistkarrieren som innhaldsrik, med både oppturar og nedturar.

– Kjensla eg sit med i kroppen er at eg har hatt 13 fine år. Eg får drive med det som eg elskar, kvar dag. No har eg berre lyst til å dyrke karrieren vidare og jobbe for å halde oppe det eg har skapt.

Artikkeltags